Vi søkjer prosjektleiar innan havbruk
- Søknadsfrist 01.05.2019
Aksello etablerer no eit prosjekt for å legge til rette for dette. Til å leie arbeidet søker vi ein person med erfaring innan havbruk og kunnskap om offentleg forvaltning.
Arbeidsoppgåver:
Formulere og gjennomføre Havbruksprosjektet , inklusive:
· Sikre deltaking i prosjektet frå relevante og gode aktørar.
· Sikre samarbeid med eksterne partnarar nasjonalt og internasjonalt
· Sikre finansiering til prosjektet sine ulike aktivitetar
· Koordinere framdrifta i prosjektet og rapportere til finansieringspartnarar og andre
· Framsnakke havbruksektoren og moglegheitene der i både interne og eksterne fora
Prosjektleiaren må rekne med å delta i løysing av oppgåver innan Aksello sine øvrige forretningsområde, som rådgjeving til inkubatorverksemder, arrangering av møteplassar osb.
Kven er du?
Vi søker ein person som:
· Har høgare relevant utdanning
· Har kunnskap og nettverk innan havbruksnæringa i Sogn og Fjordane
· Har erfaring frå prosjektleiing
· Har kjennskap til verkemiddelapparatet og offentleg sektor
· Er resultatorientert og jobbar systematisk og godt – både sjølvstendig og saman med andre
Vi ser etter nokon som har kommersiell forståing og samtidig kan sjå havbruksnæringa frå lokale styresmakter sin ståstad, samt evne til å skape tillit og gode relasjonar.
Vi kan tilby:
· Ei svært spanande og sjølvstendig stilling der du kan gjere ein stor skilnad
· Stor kontaktflate mot næringslivet, offentlege styresmakter og andre
· Innovativt miljø og moderne kontorlokaler i Florø sentrum
· Konkurransedyktige vilkår, inklusive fleksitid og god pensjonsordning
[av_button label=’Søk på stillinga’ link=’manually,https://www.finn.no/recruitment/hired/frontend/applynow/input.action?adId=144738724′ link_target=’_blank’ size=’large’ position=’center’ label_display=” icon_select=’no’ icon=’ue800′ font=’entypo-fontello’ color=’theme-color’ custom_bg=’#444444′ custom_font=’#ffffff’ av_uid=’av-24w2bw’ admin_preview_bg=”]