Skip to content Skip to footer

Kapital til oppstartsselskap

Det å lukkast med prosessen for å skaffe kapital er ein av dei viktigaste vegane til framgang og vekst for gründerselskap. Å kommunisere effektivt med potensielle investorar som er villige til å satse på selskapet, er avgjerande.

Rådgjeving og tilgang til nettverk for finansiering og kapital er noko av det viktigaste inkubator skal bidra med for oppstartsselskap. Å tilrettelegge for at selskapa får auka kompetanse knytt til det å skaffe kapital er viktig. I vår har Aksello inkubator i samarbeid med Connect Vest og inkubatoren i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, tilbydt inkubatorbedriftene kursing gjennom ein webinarserie der grunderane har fått meir innsikt i investorprosessen.

Gabriel Ossenkamp, FjordAlg
Gabriel Ossenkamp, FjordAlg

I år som dei to foregåande åra blir det ifm Innovasjonsuken OPP arrangert Kapitaldag i Førde. Dette er ein møteplass mellom spanande investormiljø på Vestlandet, etablert næringsliv og oppstartselskap som søkjer kunnskap om eller finansiering av sine idear og prosjekter. Her blir det også høve for utvalde bedrifter å få presentere seg (pitche) for investorar – enten om ein er klar for å inngå samarbeid med investorar eller om ein er der for å bygge nettverk. Aksello er medarrangør saman med Kunnskapsparken i Sogn & Fjordane, Innovasjon NorgeSogn og Fjordane Næringsråd og NHO Vestland. Dato for Kapitaldagen er 16. september. Meir informasjon kjem når programmet er klart.

I 2019 henta bedrifter i inkubatoren i Aksello heile 105 millionar i privat og offentleg kapital. Dagleg leiar i Bulandet Miljøfisk, Hans Haddal trakk då fram den hjelpa som selskapet fekk frå inkubatoren i arbeidet inn mot Innovasjon Norge. Dette resulterte i at dei fekk innvilga søknad om kr 20 millionar i innovasjonslån og kr 23 millionar i tilskot i tillegg til investorkapitalen. Les meir.

Leif Stavøstrand, Evoy.
Leif Stavøstrand, Evoy.

I 2020 ser vi også gode signal, der blant anna Evoy og Fjordalg har lykkast med å hente kapital.

Vi gratulerer og ser fram til fortsettelsen!

Aksello har plass til nye, innovative verksemder som ynskjer hjelp til etablering og vekst. Vil du vite meir om dette, så ta kontakt med inkubatorleiar Vanja Viken (vanja@aksello.no) eller forretningsutviklar Frode Nybø (frode@aksello.no) hos oss.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet