Skip to content Skip to footer

Inkubatorsamling: To dagar med inspirasjon, læring og fellesskap

Aksello arrangerte denne veka inkubatorsamling i Florø – ein møteplass for gründerar og etablerte verksemder med fokus på nyskaping som deltek i vårt inkubatorprogram. Gjennom to dagar med engasjerande innhald og gode samtalar, fekk deltakarane styrkt både kompetanse og samhald.

Dag 1 – Kapital, eigarstruktur og golfturnering

Vi starta med velkomst og felles lunsj, før alle deltakarar presenterte seg sjølv og dei viktigaste milepælane sine. Deretter fekk vi fagleg påfyll frå Kjell Hilde om kapitalstrategi, og Ove Gjelsvik frå Tidlegfasefond Vestland delte innsikt i investeringsmoglegheiter og kva som skal til for å tiltrekke seg kapital i ein tidleg fase.

Fredrik Harestad frå Unlisted tok føre seg korleis ein kan rigge bedrifta med god eigarstruktur – noko som er avgjerande både for intern styring og framtidige investeringar.

Dagen blei runda av med ein sosial og sporty tur til Florø Golfklubb sitt anlegg i Brandsøy. Her vart det både trening, uformell konkurranse og felles måltid – ei god ramme for nettverksbygging og relasjonsarbeid.

Dag 2 – Blikk mot framtida

Dag to starta med eit blikk på morgondagens arbeidsplass, med Kristoffer Nordhuus Olaussen som tok oss med inn i verda av kunstig intelligens og robotisering. Eksport var neste tema, og Linn Theres Nekkøy gav gode råd til bedrifter som ser internasjonale moglegheiter.

Deretter presenterte Kjell Gunnar Lilleøren frå Sparebanken Norge vekstgarantiordninga – eit nyttig verktøy for gründerar i vekst.

Samlinga vart avslutta med ei oppsummering av verktøya i Aksello-systemet, og ein gjennomgang av aktivitetar som kjem. Felles lunsj på Comfort Hotel Victoria runda av to lærerike dagar.

– Meir enn eit program

Inkubatorsamlinga er eit viktig supplement til det daglege arbeidet i inkubatoren. Her får deltakarane møte kvarandre, byggje relasjonar, dele erfaringar og få innspel frå både fagfolk og kvarandre.

Om inkubatoren til Aksello

I Aksello sitt inkubatorprogram får gründerar og nyskapande bedrifter i tilgang til eit fagleg og sosialt miljø der innovasjon står i sentrum. Gjennom rådgjeving, nettverk og verktøy hjelper vi deg å ta steget frå idé til realisering.

Vil du vite meir om inkubatoren vår, ta kontakt med konstituert inkubatorleiar Trond Økland.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet