Grunder Helene Vedvik utviklar eit nytt konsept og ein ny metode for vektnedgang med fokus på sterk mental helse, tufta på fagleg kompetanse knytt til livsstilssjukdomar.
Helse Først AS er under etablering, og ambisjonen er å tilby sine tenester både nasjonalt og internasjonalt.
Vedvik tilbyr i dag kurs for vektreduksjon med rådgjeving på kosthald og trening, samt mental motivasjon og opplev aukande etterspørsel. Ho ynskjer no å tilby digitale kurs og rådgjeving på web der kunde i tillegg kan abonnere på rettleiing og inspirasjon knytt til kosthald, trening og helse. Vedvik er utdanna sjukepleiar og har ein master i organisasjon og leiing. Med over 20 års erfaring frå helse og akuttmedisin byggjer ho eit konsept der livsstilsendring og auka kunnskap kan bidra til eit lengre liv. Ho har eit sterkt engasjement for å løyse utfordringar og vidareutvikling behandlingsmetode av overvektige. Overvekt/fedme er eit stort og aukande problem. Heile 60% av Norges befolkning er overvektig og dette skaper store helseproblem og samfunnskostnader. Som sjukepleiar opplev ho også utfordringar knytt til behandling av pasientar med overvekt.
Vedvik har via eiga erfaring med overvekt, utdanning og arbeidserfaring lagt grunnlag for utvikling av konsept som tek høgde for heile mennesket i større grad enn dagens tilbod for vektreduksjon. Ho har også knytt til seg potensielle ressurspersonar på kompetanse og samarbeid.
Helse Først ser på Aksello sin kompetanse, miljø, rådgjeving, finansielle støtte og nettverk som viktig for vidare utvikling og kommersialisering.
Vi ser fram til å bistå Helene med utvikling av konseptet sitt!