Hels på vår praksisstudent, Alexandria Følsvik
I dei neste 10 vekene skal ho vere ein del av Aksello-teamet, og dette ser vi fram til.
Alexandria studerar master i innovasjon og leiing på Høgskulen på Vestlandet i Bergen, der ho snart har fullført eitt av to år. Utdanningsløpet inneheld ei samansetning av fag innan entreprenørskap og innovasjon med hovedvekt på berekraft, teknologileiing og digitalisering. Ho er glad i å treffe mennesker, og har sterk interesse for berekraft, strategi og nettverksbygging.
Alexandria er jo ikkje heilt ukjent for oss; ho har tidlegare bidratt i kommunikasjonsarbeid for Aksello.
“Då eg jobba med kommunikasjon for Aksello fekk eg vere med på mykje spanande. Det var alltid noko som skjedde; arrangement å delta på og alltid inspirerande mennesker å treffe. Det opna opp ei anna verd for meg der eg stadig lærte noko nytt. Eg synast arbeidet som verkemiddelapparatet gjer er særs spanande, og derfor søkte eg om å få gjennomføre praksisperioda mi hos Aksello!” seier ho.
I ei praksisperiode får studenten moglegheit til å anvende teori i praksis og få ei praktisk tilnærming til faget. Denne tida er verdifull, og studenten vil få eit stort utbytte av denne perioda. For Aksello er det verdifullt å kunne vise korleis verkemiddelapparatet fungerar og kva for viktig rolle verkemiddelapparatet kan spele i utvikling av nye og etablerte bedrifter og verdiskaping lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Og ikkje minst, det å få inn nokon med nye auge på korleis Aksello gjer jobben sin med å legge til rette for utvikling i etablert næringsliv og bistå nye berekraftige oppstartsbedrifter.
Lone Bareksten er glad for å få ha Alexandria i praksis i 10 veker: «Vi gler oss veldig til å samarbeide, dele og lære saman med Alexandria dei neste vekene, og ser verkeleg fram til å få inspirasjon og nye tankar rundt det mandatet vi i Aksello har for å bidra til auka regional og nasjonal verdiskaping»
“Det er ingen tvil om at Lone, Vanja og Andrea er dyktige kvinner, og eg vil lære av dei. Etter første morgonmøte her har eg allereie fått innsikt i mykje spanande, og eg ser fram til at dette blir nokon intensive, kjekke og lærerike veker! Eg håpar også at eg kan bidra til eit godt arbeidsmiljø denne perioda og at de vil sette pris på mine bidrag i prosjekter,” avsluttar Følsvik.