Skip to content Skip to footer

Frukostsamling torsdag 4. april – Ungdomsbedrift, Tare, Teknoløft og Hjelpemiddelsentralen

Aksello inviterer til ny Frukostsamling torsdag den 4. april. Frukost blir som vanleg servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Vi kan by på følgjande program:

  • Inkubatorbedrifta Norwegian Seaweed Production mot gjennombrudd v/Svein Vindenes
  • Ungdomsbedrifta Afrinvest førebur seg til NM v/Julian Udberg-Helle m.fl.
  • Hjelpemiddelsentralen (NAV) lettar bedriftenes rekrutteringsutfordringar v/Heidi P. Sårheim
  • Teknoløftet v/Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforskning
  • I tillegg blir det små snuttar med info om Nor Shipping, nytilsett i Aksello og anna

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Innovasjon Norge vil være til stades på Frukostsamlinga med Egil Henning Ytrøy. Han vil også være tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med han, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet