FoU møte – auke berekraftig produksjon i oppdrett, hovudsakleg Ørret
Torsdag 20. april inviterer Aksello i samarbeid med FORREGIONEN til FoU møte.
Dato: Torsdag 20. april Tidspunkt : 11:45-16:45 Stad: Quality Hotel Florø
Kontakt oss om de ynskjer å delta på FoU møte – Ørret
Påmeldingsfrist: Fredag 14. april. kl. 14:30
Ørreten er den oppdrettsarten i Norge som står nærmast oppskalering etter atlantisk laks for å nå nasjonale mål om en auking av akvakulturproduksjonen innan 2050. Vestlandet har et særleg potensial for å utvikle seg som en sterk region innan berekraftig oppdrett av regnbueørret i sjø.
Ein sentral føresetnad for å lykkast med satsing på oppdrett av ørret er å løyse FOU-utfordringar knytt til biologi, teknologi, innovasjon og berekraft. Ørret og laks er forskjellige arter, og kunnskapsoverføring mellom dei to artane er ikkje alltid hensiktsmessig for å få til ein optimal produksjon. For å få utløyst potensialet innan ørretoppdrett vil det kreve at ørreten får tilstrekkeleg merksemd slik at artsspesifikke utfordringar blir løyst. Her vil ei styrka satsing på samarbeid mellom bedrifter og FoU-miljø være avgjerande.
Med dette som bakgrunn inviterer næringsutviklingsselskapet Aksello i lag med FORREGIONEN Vestland med dette til eit møte om FOU-utfordringar i oppdrett av ørret. I møtet samlar vi næringsaktørane og forskarane saman for å få fram kunnskapshol og utfordringar knytt til å auka berekraftig produksjon av ørret.
Målet er å avklare kunnskapsstatus, behovet for ny kunnskap og drøfte korleis bedrifter ved hjelp av forsking kan finne nye gode løysningar til den aktuelle problemstillinga.
Her ser du agendaen:
- 11:45 Mingling. (Med Kaffe og frukt)
- 12:15 Velkommen v/Lone Bareksten (Aksello) og Øystein Stavø Høvig (HVL/FORREGION)
- 12:30 Introduksjon frå havbruksaktørar.
- Tema: «Kva vert gjort i dag for å auke berekraftig produksjon av ørret og kva som må til i framtida for å få det til»
- 13:30 Kaffi pause
- 14:00 FoU Miljøet
- 14:00 Sigurd Olav Handeland -UiB «Berekraftig oppdrett av ørret: samarbeid mellom forsking og industri for å fremme ny vekst»
- 14:25 Per Gunnar Fjelldal – Havforskingsinstituttet – «Ryggradsdeformiteter hos ørret i merd»
- 14:45 Emil Tomson Lindfors – Høgskolen på Vestlandet «Status for oppdrett av ørret i Chile; Hva kan vi lære av Chile?
- 15:00 Plenums diskusjon
- 15:30 Oppsummering og vegen vidare «korleis kan verksemder og FoU miljøet jobbe vidare samen mtp ørret»
- 16:00 Avslutning med mat
Frist for å melde seg på er fredag 14. april om de ynskjer delta.
Vi gleda oss til å sjå deg dykk.