Endeleg kom dagen då vi skulle få gleda av å opne det nye Newton-rommet i Florø. Eit rom vi håpar skal vere med å vekke interessa for realfaget blant barn og unge som skal vere med å skape framtidas arbeidsplassar.
– Dette er eit prosjekt Aksello har jobba med i tre år, saman med Flora kommune, FloraFauna Byakavariet, PetroFlora, Maritim Forening Sogn og Fjordane, Statoil, det lokale næringslivet og First Scandinavia, som er konsepteigar av Newtonrom. Det er utruleg stas å sjå kva vi har fått til i lag, seier Arne Olsen, som har vore i prosjektleiinga på vegne av Aksello.
Alle involverte, samt lokale politikarar og andre frå næringslivet var invitert til den offisielle opninga på Byakvariet. Fylkesordførar for Sogn og Fjordane, Jenny Følling hadde æra av å klippe snora. Etter ei rekke innlegg som alle presiserte kor viktig Newton-rommet er for dei unge som skal løyse framtidas utfordringar, fekk dei frammøtte sjå rommet i full aksjon.
Elevar frå Brandsøy skule, Florø barneskule og Flora ungdomsskule var med på opninga, og hadde slik dei skal i eit Newton-rom blitt forvandla til ulike forskarteam som forska på vindenergi, plommelarvar, programmering og datastyring. Monicha Landøy, som driv Byakvariet og skal ha ansvar for den daglege drifta, viste fram det nye akvariet.
– Eg gler meg skikkeleg til å komme i gang, seier ho.
– Det er no det heile begynner, legg Tone Aasrud til. Ho er prosjektleiar for Newton-rommet og oppvekstfagleg ansvarleg i Flora kommune.
Nye berekraftige arbeidsplassar
Opninga markerer ei storsatsing på realfag og teknologi i Flora kommune. Alle barnehagane og skulane i Flora kommune får no dette tilbodet, i tillegg er det ope for besøk frå nabokommunar, og Newtonrommet blir sjølvsagt på sikt eit positivt tilbod i heile Kinn kommune. Undervisningsopplegget startar opp i oktober, med modulen Salmo salar, for 7.klasse i første omgang.
– I framtida skal desse ungdommane vere med på å skape nye berekraftige arbeidsplassar. Gjennom opplevingar i Newton-rommet kan elevane bli inspirerte til vidare engasjement, og til yrkesval innanfor teknologi og realfag. Dette vil bidra til å sikre energibransjen, havbruksnæringa og anna næringsliv kompetent arbeidskraft i framtida, seier Aasrud.
Takkar for alle bidrag
Trond Strømgren frå Maritim Forening Sogn og Fjordane og GCE Subsea, Arne Olsen frå Aksello og Tone Aasrud frå Flora kommune, har som prosjektgruppe jobba fram mot det som no har blitt ein realitet.
– Vi har vore heilt avhengige av støtte frå næringslivet og takkar alle for gode bidrag, seier Trond Strømgren og Arne Olsen.
– Etableringa av Newton-rommet vil sikre rekruttering til næringar som kjem til å oppleve aukande vekst i framtida. Det er framleis mogleg for fleire å bli med å bli med, Newtonrommet blir under stadig utvikling, avsluttar dei to.
Les også: – Det blir ei wow-oppleving for ungane
Viktige bidragsytarar
Det er Flora kommune som har stått for ombygginga og som vil eige og drive Newtonrommet. Mange gode krefter og sponsorar har gjort dette mogleg. Etablering av Newton-rommet har eit samla budsjett på nesten 4 millionar kroner. Statoil ved Morgendagens helter er største sponsoren med ei løyving på 1,2 millionar, noko som dannar grunnlag for den offisielle nemninga Newton ENGIA-Statoil Energirom. Det er mange viktige bidragsytarar:
Botnaneset Industriselskap
Marine Harvest
Sparebanken Sogn og Fjordane
Sparebanken Vest
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Karstensen Fiskeoppdrett AS
Marø Havbruk AS
Sulefisk AS
Flokenes Fiskefarm
Steinvik Fiskefarm AS
Laksens dag
Svanøy Havbruk AS
Salmon Group
Sogn og Fjordane Energi
Opplæringskontoret for Fiskeri- og Havbruksfag i Sogn og Fjordane
Den ideelle organisasjonen First Scandinavia eig konseptet Newton-rom. Dei har vore med i heile prosessen, og har utforma ei løysing som inneheld laboratorium, arbeidsstasjonar og eit amfi. Dette gir ein svært god og inspirerande læringsarena.