Dei motiverande orda møter dei besøkande inne i stallen på Soldalen Besøksgard. Bokstavane står sirlig skrivne på nymala vegg, og i godt selskap med flotte dyr og fargerike figurar, blant dei Pippi som er inspiratoren bak sitatet.
– Dette mottoet har alltid treft meg, og eg har hatt lyst til dette så lenge, fortel gründerbonden Tonje Terøy og utdjupar:
Men det krev stort mot å gjennomføre. Alle som har gjort noko gjorde det ein gang for første gang, og eg som mange andre har lete vere å gjere noko på grunn av at eg var redd for at det ikkje skulle gå slik eg ville. Så dette er motivasjonen til meg sjølv, og alle besøkande. Tørr å gjere det du har lyst til. Det går som oftast bra, og det er ei verre kjensle om ein ikkje torer å prøve.
Draumen om å gjere garden til svigerfamilien om til Soldalen Besøksgard har Tonje gått med i mange år, og som den eldsjela svigerfar Atle Terøy var i hestemiljøet i Florø så var det han som oppfordra ho til å utdanne seg som ridelærer.
– Han sa at dersom eg hadde tenkt å bli værande her, så trengte eg noko å leve av. Eg har alltid brent for hest og dyr, og har drive med både konkurranseriding og rideskule her i Soldalen i mange år. I alle dei åra har eg samla idéar til korleis eg skulle klare å leve av ein jobb her på garden, seier Tonje som i dag er utdanna kokk og ridelærer, med spesialisering i riding for funksjonshemma.
Sjukdom gjorde ønske sterkare
Det var først då Tonje vart sjuk med M.E kronisk utmatting at ønske hennar om å starte ein «Inn på Tunet»-gard blei sterkare.
– Eg sakna å vere med dyr og å ha tilhøyring til eit arbeidsmiljø, og å vere sosial var vanskeleg med mangel på gode opplevingar og kvardagsglede. I den situasjonen som eg var i hadde eit tilbod som “Inn på Tunet” betydd mykje for meg. Mange som ikkje klarar å gå på jobb, klarar å vere på ein gard å gjere det dagsforma tilseier, understrekar Tonje.
På Soldalen har ho skapt det miljøet ho sjølv skulle ønske at ho hadde då ho var sjuk. På dagtid jobber ho med kommunale kunder frå helse og omsorgssektoren, skule og barnehagar, og på ettermiddagane er der ulike fritidsaktiviteter for born og unge som gardsdag, stalldag, 4H-klubb og kaninklubb. Kvar søndag inviterer ho alle som vil til generasjonsdag, og annakvar helg er det mogleg å feire bursdagen sin på Soldalen saman med alle dyra. I tillegg blir det også open gard ein gang i månaden og gardsveke i skuleferiane. Her er mykje som skjer på garden no, samanlikna med fjoråret.
– I november i fjor stod garden tom. Her var ingen dyr og ventilasjonsanlegget var øydelagt, fortel Tonje og viser oss rundt i den nyoppussa stallen.
Her er alt lagt til rette for rullestol, rullator og dei som er ustødig på beina, og nye bebuarar har også flytta inn i stallen: hestane Maya, Zaladin, Violetta, Bender og Luna.
Nytt liv på garden
Uteområdet har også blitt forvandla med gapahuk med utekjøkken, drivhus, åker, grillhytte og bålpanne. Dyra på garden beiter like ved. I tillegg til hestane bur her ein fin gjeng med høner, to kaniner (ein av dei er ein fransk vedder som er kjent som terapidyr), fire geiter og ein gardskatt med namnet Bella. Snart kjem det også to drektige alpakkar, eit esel, og to kaniner til.
– Det er kjempegøy å sjå den store forandringa og at planen til Tonje blei slik ho har beskrive den, seier rådgjevar Heidi Felle, som er på besøk under den første gardsveka på Soldalen.
– Tonje er dyktig, målretta og hardtarbeidande, ho har tatt steget og satsa og har fått til eit kjempetilbod for innbyggarane i Flora, understrekar Heidi.
Sola skin, og ute på tunet leikar ei gruppe med born kanonball. Eit av barna blir med på resten av omvisinga og viser stolt fram det nye hønse- og kaninhuset på nedsida av tunet.
– Her bur Lakris og Lykke, smiler han.
På kaninburet heng det lappar med spørsmål som «Kva to ting kan bonden få frå ei kanin?» og «kva et kaninen?», og vegen frå jord til bord er ikkje lang. Tidlegare i dag var borna med å lage mat av egga som dei hadde plukka sjølv.
– Eg håpar at besøkande tek med seg gode opplevingar, kunnskap om dyrehald, dyrking og kor maten kjem frå. Eg håpar dei finn tilhøyring, ro og fred, og bygger gode relasjonar med både dyra og kvarandre, seier Tonje engasjert.
Mange gode hjelparar
Tonje har hatt med seg mange gode hjelparar for å gjennomføre prosjektet sitt. Familien har stått på og vore med på dugnad. Tvillingbror hennar Marius Johansen har mellom anna teikna logoen til besøksgarden. I stallen har ho også fått med seg eit team med dyktige hjelparar: Aurora Valle Johannessen, Merete Husmo Høidal, Anikka Grytten og Silje Løken Kvalsvik. Aksello, det Kommunale Næringsfondet og Innovasjon Norge er også blant støttespelarane hennar.
– Aksello har vore viktig for meg. Heidi har følgt meg sidan november, høyrt på planane mine, gitt gode råd, vist meg vegen når eg trengte det, og ikkje minst heia på meg. Utan tru på deg sjølv, så klarer du det ikkje. Det har også betydd mykje for meg at eg fekk 150 000 kr frå det Kommunale Næringsfondet og 100 000 frå Innovasjon Norge. Utan denne støtta hadde eg ikkje turt å ta dei nødvendige investeringane for å starte opp, presiserer ho.
Tonje har også starta prosessen med å gjere Soldalen om til ein 4H-gard og har fått stor hjelp frå Kristin Haanshuus, som er prosjektleiar for 4H-gard i vekst.
– Eg er også veldig takknemleg for at svigermor har gitt med denne sjansen, til å leige garden og gjennomføre det eg brenner for, og til min avdøde svigerfar som oppfordra meg til å ta den nødvendige utdanninga og få erfaringa som eg trong for å gjere dette. Eg håpar han hadde vore fornøgd med det eg har gjort garden til no, seier Tonje.
Følg Soldalen Besøksgard på Facebook
På Facebooksida til Soldalen Besøksgard kan du sjå opningstidene og halde deg oppdatert på alle aktivitetene som skjer på garden. Tonje vil også gjerne informere om at alle er hjarteleg velkommen, men ber om at alle sjekkar timeplanen før dei besøker garden då nokon av brukarane har behov for å vere skjerma.