[vc_row][vc_column][vc_column_text]Det har vore ein hektisk vinter og vår med mykje spanande på gang og vi gler oss til ein haust og vinter med nye utfordringar og ikkje minst nye, kjekke kollegaer! Vi ynskjer Frode, Kari og Linn velkommen om bord og tek sats for næringsutvikling i Kinn, langs kysten og på lag med Vestland i åra som kjem.
Satsingane våre til hausten er fleire, men for å nemne nokon du kanskje bør sjekke ut nærare er det:
- Vekstprogrammet som vi gler oss veldig til å komme i gang med. Her inviterer vi etablerte bedrifter til å delta for å finne nye moglegheiter for vekst og auka verdiskaping. Les meir om Vekstprogrammet her.
- Rekruttering – det er avgjerande at vi finn gode metodar for å tiltrekke oss og behalde tilflyttarar som skal utvikle framtidas næringsliv i regionen, og vi vil gjere det vi kan gjennom rekrutteringsprosjektet.
- Havbruksprosjektet tek til for fullt no, med nytilsett prosjektleiar Linn som allereie er kome godt i gang. Les meir om Linn her.
- Internasjonalisering vert sett ekstra fokus på til hausten og vi vil arbeide konkret med utveksling i næringslivet og kva moglegheiter dette gjev bedriftene både nasjonalt og internasjonalt. Sjå meir her.
Vi held sommarstengt veke 28, men elles er vi på plass på kontoret resten av sommaren. Så har du ein ide, treng du rådgjeving i høve bedriftsutvikling, ynskjer du å søkje kommunalt næringsfond, eller treng meir informasjon, ta kontakt!
Neste frukostmøte vert 5. september, agenda og påmelding kjem i august.
GOD SOMMAR
Helsing Arne, Heidi, Frode, Vanja, Linn, Kari og Lone
[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row]