Foto: Trine Vederhus begynner som trainee hos Aksello 1. august.
Aksello hadde 19 søkarar til trainee-stillinga si gjennom Framtidsfylket si trainee-ordning. Etter gjennomgang av dei mange gode kandidatane og nokre intervju, har vi valt den kandidaten vi meiner er best: Trine Vederhus.
Trine er 29 år og kjem frå Vågsøy, men bur i dag i Bergen. Ho har to Bachelorgradar, innan økonomi og reiseliv. At ho er sambuar med ein Florø-væring, som og vil komme «heim», er ikkje negativt.
– Eg gler meg skikkeleg til å bli betre kjend med Aksello og alt det spanande som går føre seg innan nyskaping i næringslivet i Sogn og Fjordane, seier Trine.
Trine startar hos oss den 1. august, og vi kjem tilbake med ein meir utfyllande presentasjon av ho då.