Skip to content Skip to footer

Er di bedrift ramma av strenge smittevernstiltak og tilhøyrande i Kinn? Kompensasjonsordning del 7 er tilgjengeleg!

Er di bedrift ramma av strenge smittevernstiltak og tilhøyrande i Kinn? Kinn kommune har mottatt ny kompensasjonsordning (del 7) for hardt råka bedrifter i kommunen. Registrer din søknad i dag, meir informasjon her. Kommunal- og distriktsdepartementet har løyvd tilskot til kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder som er råka av konsekvensane av koronapandemien. Del sju av dette tilskotet er no fordelt til kommunane, og Kinn kommune har fått 765.000 kroner til fordeling til kriseråka føretak i kommunen.

kinn-kommune-aksello-støtteordning

 

Målet med ordninga er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedriftene.

Kven kan søkje om midlar?

Ordninga rettes mot lokale verksemder som er spesielt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak eller den økonomiske nedgangen, som følge av covid-19-pandemien.

Støtta skal kompensere tap og ekstrakostnader i lokale verksemder som har vore rammet av inngripande smitteverntiltak.

Berre verksemder innanfor kommunen sine grenser og med adresse i kommunen kan motta støtte. Verksemder kan berre motta støtte for den økonomiske aktiviteten som finn stad innanfor kommunen.

Støtte kan gis lokalt til verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane, som bl.a. nystarta bedrifter. Utover det, kan kommunen innrette ordninga etter den lokale situasjonen.

Prioritering

  1. Levedyktige verksemder som har falt helt eller delvis ut av andre kompensasjonsordningar.
  2. Verksemder som er særleg hardt rammet innan servering, overnatting, sport og fritid, reisebyrå og -arrangørar, kunst og underhaldning og kongress-, messe- og utstillingsverksemd
  3. Andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar, særleg vekst- og oppstartsbedrifter.
  4. Verksemder som ikkje har motteke støtte tidlegare.

Verksemder som var i økonomiske vanskar per 31.12.2019, ref . gruppeunntaksordninga artikkel 2, paragraf 18, kan ikkje tildelast støtte.

Tilskotet vert gjeve i samsvar med EØS-reglane om «bagatellmessig stønad». Desse reglane føresett at et over ein treårs periode i sum ikkje er motteke over 200.000 euro (ca NOK 2.000.000,-) i offentleg stønad. Jfr. Rettningslinjer for distrikts- og regionalpolitiske virkemidlar.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for å søkje kompensasjonsordninga DEL 7 er sett til 01. mai 2022.

Alle søknader skal registrerast via regionalforvalting.no

For spørsmål

Aksello AS er Kinn kommune si førstelinjeteneste innan næringsutvikling og er sett til å forvalte dei kommunale næringsfonda og kompensasjonsmidlane på vegne av kommunen.

Ta kontakt med Aksello om du har spørsmål til søknadsprosessen eller kompensasjonsordninga generelt.

Kontaktperson i Aksello er Lone Bareksten, epost lone@aksello.no, tlf 47262635

 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet