Sommaren er endeleg over og vi kunne ønske velkommen til haustens første frukostmøte.
Ny sjef og nye moglegheiter i Westcon Yards Florø
Trygve Solaas har vore tilsett som verftsdirektør i WYF frå 1. mai 2019. Han fortel om kva som ligg til rette i Florø og moglegheitene som finnes her.
Med ei utruleg god plassering, verksemder i lokalsamfunnet, tilgang til båt og fly, samt dei fysiske fasilitetane, er Florø eit ypparleg sted å drive verft. Westcon Yards Florø er ei viktig bedrift i lokalsamfunnet og innehar mykje god kompetanse på høgt nivå. Trygve fortel om ein positivitet og ei haldning om å lukkast.
Det er ca. 800 tilsette totalt i Westcon per i dag, og det er ei strategisk fordeling av aktivitet i konsernet. I Florø jobbar dei mykje med å styrke og bygge opp organisasjonen, ved å få opp aktiviteten, større prosjekt og å bli mindre utsatt for svingingar i arbeidsmengda. Trygve fortel også at det er veldig viktig for Westcon å styrke eierskapskjensla til bedrifta og å fokusere på ungdommen.
Stor aktivitet rundt Gjøa-feltet
Neptune Energy har store planer for framtida, og da også spesielt for Norge. Logistikkavdelinga til Neptune Norge ligg i Florø, kor Oddvar Aaberg er basesjef.
Gjøa er ein Hub som ligg veldig sentralt, nær Florø. Rundt Gjøa skal dei komme med ein rigg og begynne å bore om 2 månader på Duva, dei skal begynne å bore P1 som tilhøyrar Gjøa-lisensen, deretter skal WintershallDea også begynne med boring på Nova og Vega. Samtidig som dei drifter Gjøa, drifter dei også logistikken til Fenja ut frå Kristiansund. Fenja skal byggjast ut no i vinter og neste år.
Eit samarbeid med Equinor og Shell gjer det mulig å nytte same båt, samstundes som at dei har utvida til to helikopter og flyr saman. Dette samarbeidet utnytter kapasiteten og får ned kosten, og fungerer strålande, fortel Oddvar.
Hovudaktivitetane i 2019 er å installere Duva/P1 subsea-templates og begynne å bore.
Aksello sin nye styreleiar
Lars Hellandsjø er dagleg leiar i Skipavika Terminal AS og skal det kommande året være styreleiar i Aksello. I Skipavik har dei drevet med utbygging og oppdrag strøymer på. Samstundes er Lars med i fleire prosjekt, blant anna oppstart av sagbruk i hamn og eit prosjekt for datalagring.
Lars sa han hadde eit godt førsteinntrykk av Aksello og medarbeidarane. Kanskje kan vi bli enda meir synlege og ikkje minst flinkere til å vise fram resultata av vårt arbeid.
Anna nytt frå Aksello
Det skjer endringar i Aksello, med ny styreleiar og nye tilsette. Lone ynskjer velkommen til Lars Hellandsjø som ny styreleiar, Kari Brun Ågotnes som rådgjevar for kommunal næringsutvikling og Linn Theres Reksten Nekkøy som prosjektleiar for havbruksprosjektet.
“Vi gler oss til hausten og nye spennande prosjekt”.
Samstundes takkar Heidi Felle av og startar i ny jobb i Fjord1 i oktober.
Ordet Fritt
Under “Ordet Fritt” informerer Maria Brandsøy i frå Hub for Ocean om Conference Maritime Hydrogen & Marine Energy som skal være i Florø 18.-19. september.
Heidi Felle fortel om Kapitaldagen i Sogn og Fjordane 2019 som finn stad på Sunnfjord Hotell i Førde 17. september.
Fekk du ikkje til å delta på dagens frukostmøte? Her kan du sjå livestream frå møtet.
Neste frukostmøte er torsdag 3. oktober. Det er gratis for alle som ynskjer å delta, og det blir som vanleg servert frukost før møtet. Invitasjon kjem i Aksello sitt nyhetsbrev og på Facebook.