Skip to content Skip to footer

Inkubatorsamling med tur til Svanøy – ein kjempesuksess

Etter pitchetrening med Steinar Hoel Korsmo, ein av dei beste i verda på feltet, reiste Aksello og inkubatorbedriftene til vakre Svanøy, ei øy som har vore eit historisk knutepunkt heilt sidan vikingtida. Øya har lang tradisjon for produksjon og eksport, skipsfart, gruvedrift og dessutan kunst og kultur

– og ikkje minst innovasjon.

Inkubatorbedriftene fekk først ei omvisning på øya av Ola Teigen, som mellom anna er styreleiar i Svanøy Stiftelse. Vidare sørgde Kjersti Rogne ved ACAPO for fagleg påfyll, og ho snakka om det interessante og viktige temaet IPR: patent, design, varemerke og opphavsrett. Elin Tveit Sveen stilte også opp og formidla historia til Marø havbruk, ei lokal gründerbedrift frå Svanøy.

 

Fantastiske omgivnader, eineståande service frå gjengen på Svanøy Hovedgård, fine folk, spennande fagleg innhald og gode diskusjonar – pluss ein god dose sol sørgde for ei fantastisk samling.

Har du ein god ide som du ønskjer å utvikla?

Då kan du søkja om å bli ein del av det fantastiske innovasjonsmiljøet til Aksello, der det mellom anna blir arrangert slike samlingar. Aksello kan skilta med eit av dei beste rådgivarkorpsa og eit stort nettverk der samarbeid og erfaringsutveksling står sterkt.

Ta kontakt for meir informasjon

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet