Skip to content Skip to footer

Vellukka inkubatorsamling

Tekst: Magnus Helge Torvanger.

Vårens inkubatorsamling i Aksello fann stad i dagane 29. og 30. mai. Med på samlinga var 23 personar frå 14 gründerbedrifter. Tilbakemeldinga frå deltakarane er at det var både lærerikt og kjekt å vere med på samlinga.

Med leiing som tema

Temaet for inkubatorsamlinga var leiing, då særleg i gründerbedrifter. Siktemålet til Aksello var at deltakarane skulle få ei innføring i dette. Både dei som skal bli leiarar og dei som skal jobbe for leiarar skulle ha godt utbytte av programmet. På samlinga tok ein opp både leiarstrategi og dei menneskelege og psykologiske sidene ved leiing.

–  Det var ei samling med intensivt fagleg arbeid, og med kjapp overgang til hyggeleg samvær etterpå. Det er viktig å samle gründerane slik at dei både kan møte likesinna og ha det sosialt i lag, fortel Ingunn Eide, inkubatorleiar i Aksello.

Inkubatorsamling slakteriet

Foto av inkubatorsamlingen på slakteriet.

Samlinga starta i lokala til Slakteriet i Florø på torsdagen, og den blei avslutta på Comfort Hotel Victoria på fredagen. Astrid Kjellevold, dagleg leiar i næringsutviklingsselskapet Atheno AS på Stord, var hovudinnleiar på samlinga. «Survival skills» var namnet på temaet hennar.

Ho tok utgangspunkt i at leiarar kan trenast og utviklast til å bli tryggare og betre i si eiga leiarrolle. Etter innleiingsforedraget heldt deltakarane fram med temaet gjennom gruppearbeid begge dagane. Der la inkubatorbedriftene fram eigne erfaringar.

Stolte vinnere og deres modeller. Fv. Christine Hov, Anne-Leni Hunt, Ørjan Sundal, Elling Helvig.

Torsdag ettermiddag var det omvising i det som skal bli dei nye kontorlokala til Aksello. Lokala ligg 4. etasje i same bygget, og Aksello skal flytte inn der 1. juli. Så sette deltakarane seg til bords med lerret og fargar og skulle lage portrett av kvarandre.

Astrid Kjellevold, som har kompetanse også innan kunst, leia malekonkurransen. To av deltakarane, Anne-Leni Hunt og Ørjan Sundal Selskapet har no fem tilsette og driv sertifisert sikkerheitsopplæring for bygg og anlegg og skipsindustrien.

Siktemålet er å gjere arbeidsplassar tryggare gjennom god opplæring. Selskapet jobbar mykje ute i felten med det som dei skal lære andre.vart kåra til vinnarar. Etterpå var det skaldyrkveld og fest.

Bakgrunn frå verft

Arlen Solheim.

Dagleg leiar Arlen Solheim i Arez AS i Hyllestad var mellom deltakarane på samlinga. Ho starta selskapet våren 2021. Rita Ørnehaug og Erlend Hatleberg kom så inn som medeigarar. I dag er det dei tre som jobbar der fast. Alle har lang og solid bakgrunn frå skipsverftet Havyard Leirvik i Hyllestad.

Verftet måtte legge om og nedbemanne med 100 personar i 2020. Det var utløysande for at dei fann at tida kunne vere inne for å starte for seg sjølv. Nedbemanninga ved hjørnesteinsbedrifta i Hyllestad ville få store konsekvensar for eit lite lokalsamfunn. Det var kanskje viktigaste grunnen til at dei etablerte Arez AS. Dei ville få til vekst i Hyllestad og skape arbeidsplassar for fleire.

Satsingsområda til Arez AS er konsulenttenester for reiarlag/verft og for havbruk og andre næringar. Eit anna område er gjeldshandtering. Dei tre i selskapet sit med erfaringar frå eit intenst arbeid med å berge verftet i Leirvik frå teknisk konkurs. I ettertid har dei tenkt at dei erfaringane kan dei bruke til å hjelpe andre.

I vår kom Arez med i inkubatoren til Aksello. Det skjedde etter råd frå førstelinjetenesta i Hyllestad kommune. – Vi er no i preinkubasjon og heilt i startgropa. Dette var første inkubatorsamlinga som vi var med på. Vi håpar å få hjelp til stega vidare og å komme med i eit nettverk der vi kan dele erfaringar med folk i tilsvarande situasjon, seier Arlen Solheim.

Digitale sikkerheitskurs

Ørjan Sundal.

Ein annan deltakar på samlinga var Ørjan Sundal. Han er dagleg leiar i Sundal Kompetanse AS i Florø. Selskapet har no fem tilsette og driv sertifisert sikkerheitsopplæring for bygg og anlegg og skipsindustrien. Siktemålet er å gjere arbeidsplassar tryggare gjennom god opplæring. Selskapet jobbar mykje ute i felten med det som dei skal lære andre.

Ørjan Sundal arbeidde tolv år ved skipsverftet i Florø før han i 2016 starta eit eige selskap. Først dreiv han kursundervisning i klasserom. Men så kom koronaen, og då kunne ein ikkje samle folk på den måten lenger. Ørjan Sundal ville gjere kursa digitale til bruk på nett. Han starta så Sundal Kompetanse, som fekk støtte frå Innovasjon Norge til å bygge om kontoret i Florø til filmstudio.

Selskapet kom med i inkubatoren til Aksello i 2022. Aksello har hjelpt oss med råd, marknadsføring og bygging av nettverk. No er vi på veg ut av inkubatoren og går vidare med andre partnarar. Men vi har hatt veldig mykje nytte av Aksello og samlingane deira gjennom to år, fortel Ørjan Sundal.

Godt samarbeid

Kreativiteten fikk utløp på Paint n’ sip.

Atheno på Stord er truleg landets eldste industrinettverk. Selskapet er eigd av den store industriklynga i Sunnhordland, som har nærare 10 000 tilsette. Atheno jobbar mykje opp mot denne klynga, mellom anna med leiarutvikling. Også dei har ein inkubator for nye bedrifter. Den kom i gang i 2004 og var ein av dei første i sitt slag i Noreg.

–  I år har Atheno rundt 40 inkubatorbedrifter. Vi har inne 150 til 200 idéar årleg, og ut frå det vel vi ut åtte-ti til inkubatoren. Sjølv om vi er ein litt større region, er veldig mykje likt i industrien hos oss og her. Vi har alltid samarbeidd godt med Aksello. Det har vore eit positivt og spennande miljø å samarbeide med, fortel Astrid Kjellevold.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet