Florø U40 – Vi må styrke Florø og omegn som bu- og opplevingsstad!
Vakre Florø og omegn har alle forutsetningane for at dette skal vere verdas beste plass å bu i – det er berre ikkje alle som veit det endå. Det må vi gjere noko med.
I den samanheng leiar vi prosjektet FlorøU40, som er eit ungt nettverk som bidrar til å gjere Florø og omegn endå meir attraktivt og skape bulyst, fremme tilflytting og tilbakeflytting.
Målgruppa er alle som arbeider og bur i Florø og omegn som er under 40 år.
Formålet med dette nettverket er å fremje trivsel og attraktivitet for området som bu- og arbeidsstad samt hindre utanforskap.
Vi ser fram til det vidare arbeidet med å bygge dette nettverket og tilhøyrande arena. Vi inviterer gjerne fleire bedrifter i offentleg og privat næringsliv til å bidra utanfor ressursgruppa – dette ville vi sett stor pris på.
Workshop
Første steg er Workshop på Vesle Kinn 9. mai på Vesle Kinn kl. 18.00-20.00.
Der får du moglegheita til å bidra til å bygge dette nettverket ved å seie di meining og kome med innspel. Det er no det gjeld. Vi er opptatt av å vite kva du tenkjer er den beste måten å bygge nettverket på. Dette vil vi høyre meir om ved å invitere deg til ein workshop der du kan få uttrykke dine ønsker..
Samarbeid er nøkkelen
Florø og omegn er eit knutepunkt for attraktive bedrifter med spanande stillingar og karrieremoglegheiter, og vi trur at eit nettverk for arbeidstakarar under 40 år vil bidra til å synleggjere og styrke denne posisjonen. Eit viktig tiltak for å få dette til er ein bukett med engasjerte unge og lovande med lidenskap for området. Denne buketten har vi samla. Og det var ikkje vanskeleg.
Ressursgruppa
Det er ressursgruppa som skal bidra til planlegging, gjennomføring og deltaking på arrangement knytta til FlorøU40. Følgjande verksemder stiller med personar i ressursgruppa: