Skip to content Skip to footer

2023 vart «all-time high» for Aksello

Den ordinære generalforsamlinga i Aksello godkjende årsrekneskapen for 2023. Eigarane uttrykte stor glede over jobben som vart gjort gjennom fjoråret.

 

Aktiviteten var høg, faktisk vart «topplinja» (omsetnaden) den høgaste i selskapet si historie: heile 10,3 millionar kroner. I 2022 var den til samanlikning på 9,0 millionar. 

Tala er kanskje ikkje imponerande store i seg sjølve, men hugs at Aksello sel berre hovud, eller timar, ingen fysiske produkt som i andre selskap kan syte for høg omsetnad. 

Med berre tre tilsette i aktivt arbeid gjennom året, var selskapet avhengig av sitt eksterne korps av rådgjevarar. Desse røynde karane leverte også varene og bidrog til den høge omsetnaden.

Ikkje berre det: Botnlinja enda også bra, med eit årsoverskot på ca. 240.000 kroner. Det er ikkje eigarane si målsetting at Aksello skal ha størst mogleg overskot, men eit sunt resultat er viktig for å vere berekraftig over tid. 

Generalforsamlinga takka styret, under leiing av Mikael Johansen, og administrasjonen, under leiing av Lone Bareksten, for ein vel utførd jobb i 2023.

 

Dei ti eigarane i Aksello er: Siva, Kinn kommune, Fjord Base Holding, Westcon Yard Florø, Equinor, Norwell, Sogn og Fjordane Energi, Flora industri- og næringsforening, Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane.

 

Vil du vite meir om kva Aksello gjorde og resultata vi oppnådde i 2023, kan du lese Årsrapporten her.

pexels-goumbik-590041
Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet