Magnus, ein av våre nytilsette, er nyutdanna og deltek på trainee-programmet til Framtidsfylket. Programmet hjelper nytilsette i fylket med overgangen frå livet som student og til arbeidslivet. Førre veke stod første samling for tur, og traineeane møttest på Tuftegarden i Viksdalen.
Framtidsfylket sitt trainee-program integrerer nyutdanna i arbeidslivet og regionen gjennom personleg utvikling, workshops og nettverksbygging. Denne gongen fokuserte samlinga spesifikt på sjølvinnsikt og relasjonsbygging. Tre dagar i den flotte bygda i Sunnfjord vart fylt med spennande og lærerikt innhald.
Traineeane fekk mellom anna prøva å pitche seg sjølve og eigen arbeidsplass. Firmaet FuelBox og relasjonsarkitektane deira var også på plass og fasiliterte framtidas arbeidskraft på vegen mot betre sjølvinnsikt og kommunikasjon, med mål om å utvikla tillit og relasjonar. Traineeane har alle fått tildelt kvar sin eigen mentor i selskapet dei er tilsette i, og saman gjennomførte dei den første mentorsamtalen deira. På siste dag var det tid for å setja teori ut i praksis, og med ny kunnskap om korleis ein byggjer gode relasjonar løyste traineeane praktiske oppgåver og utfordringar i team.
Magnus smiler breitt og er strålande fornøgd med den første samlinga. Han gler seg stort til dei kommande samankomstane og det spennande året han har i vente.
«Eg synest personleg utvikling er svært viktig, og trainee-programmet til Framtidsfylket er det perfekte opplegget for meg, og alle andre, som kjem frå skulebenken og er ny i arbeidslivet her i Vestland»