Skip to content Skip to footer

Nyleg møte hos Westcon i Florø saman med Kongsberg Gruppen: Stor forsvarssatsing gir store moglegheiter for Kinn og kystregionen

Regjeringa si plan om å byggje inntil 28 nye standardfartøy for Sjøforsvaret markerer ei historisk satsing på norsk forsvarsindustri – og gir samstundes ei sjeldan moglegheit for vekst og utvikling i Florø og regionen rundt. Aksello ser svært positivt på dette løftet, som kan bidra til både nye arbeidsplassar, auka aktivitet i lokalt næringsliv og styrkt kompetanse i heile regionen.

Under eit nyleg møte i Florø vart potensialet og vegen vidare drøfta av sentrale aktørar frå både industri, kommune og næringsutvikling. Westcon Yards, med sterk forankring i Florø, er blant nøkkelbedriftene i industrigruppa som er klare for å levere på denne store bestillinga. Dei har teke den kostnaden det er å ruste seg for Forsvaret, og saman med dei andre partnarane i konsortiet står norsk industri samla om å tilby si kompetanse og realisere bygginga av fartøya i tråd med Stortinget sine mål om rask oppstart og høg grad av nasjonal verdiskaping.

Prosjektet er rekna å skape opptil 85 milliardar kroner i verdiskaping og 56 000 årsverk over fartøya si levetid – der 23 500 årsverk vil vere direkte knytt til bygging ved norske verft. Dette betyr stor aktivitet og store moglegheiter – også i vår region.

Florø og kysten elles har lang erfaring og høg kompetanse innan maritim næring. No gjeld det å sikre at regionen får ei sentral rolle i den vidare satsinga. Med rett samarbeid og tempo kan vi bidra til å styrkje Noreg si forsvarsevne – og samstundes byggje framtidas industri langs kysten.

Foto: Westcon/Svein Egil Økland

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet