Skip to content Skip to footer

Ny helseklynge i Sogn og Fjordane – banebrytande samarbeid for framtida

Under Helseinnovasjonskonferansen 12.-13. februar 2025 vart den spennande nyheita om etableringa av ei helseklynge i Sogn og Fjordane offentleggjort. Klynga, som markerer starten på eit banebrytande samarbeid, kjem av initiativet mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL), Universitetet i Bergen (UiB), Sunnfjord kommune og Helse Førde, med Sunnfjord Utvikling AS som prosjektleiar.

Denne helseklynga har som mål å utvikle smarte løysingar som kombinerer helsefag og teknologi, og vil spele ei avgjerande rolle i å møte dei framtidige behova i helsesektoren. Bak initiativet står heile 25 interessentar, og Aksello er stolte av å vere ein av dei.

Under konferansen var inkubatorbedrifta Retrams på scena og delte sine innsikter og erfaringar, og dei er også ein av fleire interessentar bak klynga. Retrams, som jobbar med innovative løysingar innan helse og teknologi, er ein sentral aktør i arbeidet med å forme framtidens helsetenester gjennom teknologi og nyskaping.

Klynga er ein direkte respons på behovet for auka kunnskap og nyskaping i helsesektoren. Kombinasjonen av offentleg og privat samarbeid går fram som heilt sentralt for å utvikle effektive løysingar for framtidas helsevesen.

Prosjektet har fått finansiering for eit treårig oppstartprosjekt, og målet er å etablere ei permanent helseklynge innan 2028. Med støtte frå Vestland fylkeskommune, SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og dei fire initiativtakarane, er grunnlaget for ein innovativ og framtidsretta satsing på plass.

Klynga vil ikkje berre bidra til utvikling av nye helsetenester og produkt, men også styrkje regionen som ein attraktiv studie- og arbeidsplass. I tillegg til dei helsefaglege samarbeida, er det også planar om å etablere ein helsecampus som vil bidra til å tiltrekke både studentar og fagfolk.

Aksello ser fram til utviklinga av denne kompetanseklynga, som vil være særs viktig for fleire av inkubatorbedriftene som er tilknytt Aksello og andre. Dersom du vil lære meir om helseklynga og moglegheitene den gjev, meld deg på Frukostmøtet 6. mars.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet