I 2022-23 gjennomførde ei gruppe verksemder, Fjord Base, Kinn kommune, Sogn og Fjordane Energi, Havlandet, Westcon, Cargill, Slakteriet, Norwell og Flora industri- og næringsforening, to ulike prosjekt med mykje av den same målsettinga:
Eit forprosjekt for å lage ein plan for vidareutvikling av Grøn hub Fjord Base, og «Energisenter Florø», som skulle utvikle ein overordna, langsiktig plan og konkrete prosjekt for produksjon, forsyning og bruk av grøn energi i Florø-området.
Tilgang på kraft, areal og kompetanse var viktige parameter i båe prosjekta. Og i båe prosjekta var Aksello prosjektleiar.
No blir dette arbeidet teken vidare. Dei konkrete prosjekta som vart identifiserte, som ny høgspentline til Florø, sirkulærøkonomisk bruk av oksygen og energi mellom aktørar på Fjord Base, vassforsyning osb., skal gjennomførast.
I tillegg skal nye prosjektidéar klekkast ut og dyrkast fram gjennom ein såkalla «prosjekt-inkubator». Og ikkje minst skal kompetansebehova identifiserast og dekkast. Det sistnemnde i nært samarbeid med prosjektet Studiesenter Kysten. Det geografiske dekningsområdet for prosjektet er Florø og omegn.
Igjen er Aksello prosjektleiar, medan Kinn kommune er prosjekteigar.
Ein søknad er sendt til Vestland fylkeskommune for støtte på 2 mill. kroner, som er halvparten av totalbudsjettet. Med eit positivt svar frå fylkeskommunen vil prosjektet starte den 1. november.