“There’s one marketing element far more important than SEO or content because, without it, your SEO and content campaigns will mean nothing: your brand.” – Jayson DeMers, Forbes
Å bygge ein identitet som nytt føretak er både spennande og utfordrande, fordi selskapsnamn, logo og grafisk profil er element som kjem til å definere føretaket ditt. Det er ryggrada bak bodskapa du formidlar, og det kan gje assosiasjonar som er vanskeleg å endre når du fyrst har lansert. Det er difor viktig å ha gjort seg opp nokre tankar om korleis ein ynskjer å bli oppfatta, og ta dette med i brandutviklinga di.
La uttrykket ditt modne
Det viktigaste rådet du kan få er å vere tolmodig i prosessen. For når brandet ditt er lansert skal du leve med det. Om du lagar di eiga branding eller om du nyttar spesialistar – så bruk den tida det tek, slik at uttrykket ditt får modnast.
Så, kva er eigentleg eit brand, og kva bør ligge til grunn for å utvikle eit brand?
Eit brand er bygd på fleire element
Når ein skal utvikle eit brand er det mange viktig ting ein bør tenke på. Eit brand er mellom anna mykje meir enn ein logo. Den er berre eit av fleire element som utgjer det store bilde:
- Bodskap – Kva ynskjer du å seie til ditt publikum?
- Visuell profil – Logo, bilde, fargepalett, fontar osv.
- Verdiar – Kva står du for? Kva får deg til å gjere det du gjer?
- Forventningar – Kva verdiløfte tilbyr du dine kundar?
- Oppfatning – Kva fyrsteinntrykk og assosiasjonar gir ditt brand?
Brand og effekt: ei viktig hugseliste
Korleis gjer du det då i praksis – korleis får du ein effekt av det nye brandet ditt? Denne lista gir deg eit godt utgangspunkt.
- Ein logo du kan være stolt av. Design sjølv eller få nokon til å designe den for deg. Bruk den overalt!
- Skriftleg: Kva er verdiløftet? Ver tydeleg, slik at alle forstår kva du tilbyr.
- Synleggjer ditt brand gjennom alt du gjer – e-postsignaturar, nettsider, sosiale media, t-skjorter, visittkort o.l.
- Tone – Morosam, formell, syrleg? Bestem deg for kva tone du vil at bodskapet ditt skal ha.
- Fargar – etabler ein fargepalett, og ver trufast mot den i materiellet ditt.
- Ver konsekvent – sørg for at ditt brand er den raude tråden som vert kjent att i alle element.
Lean Startup Branding
Å få produsert ein visuell profil kan koste alt frå nesten ingenting til fleire millionar. Her er eit utval ressursar for logoproduksjon som ikkje kostar gründerskjorta – men fyrst, eit siste tips:
Ikkje gjer logoen for kompleks – less is (often) more. 95% av verdens beste merkevarer brukar berre ein eller to fargar. 41% brukar faktisk berre tekst, utan emblem. Og, sørg for at logoen fungerer i både stor og liten utgåve. Det er og hensiktsmessig å lage versjonar i svart-kvitt.
Og husk, ved å nytte slike ressursar, er det alltid ein viss risiko for at logoen din ikkje vert så unik som du skulle ynskje. Men det er opp til deg å finne ut kva som er best for di verksemd! Lykke til!
[av_masonry_gallery ids=’1497,1498,1499′ items=’3′ columns=’flexible’ paginate=’pagination’ size=’flex’ gap=’large’ overlay_fx=’active’ container_links=” id=” caption_elements=’title excerpt’ caption_styling=” caption_display=’always’ color=” custom_bg=” av_uid=’av-2c0q1k’]