Skip to content Skip to footer

Kapitaldagen 2024

Årets Kapitaldag er gjennomført – og for eit flott arrangement det vart! Kapitaldagen er ein møteplass der investorar og gründerar kjem saman. Oppstartsbedriftene får presentera satsinga deira, før det blir mingla og danna nye kjenningar. Målet er at gründerane skal få investorar med seg på laget.

«Dette er ein veldig viktig møteplass for gründerar som skal henta kapital, men også for investeringsmiljøet i seg sjølv. I dag kjem eg hit som representant for investorsida. Eg jobbar i Connect BAN. Vi er eit nettverk beståande om lag 80 investorar her i Vestland som skal investera i tidleg vekstfase. Arrangørane stiller med ei rekkje flotte selskap som er relevante for oss med tanke på investeringar.» seier Ove Gjelvik.

Innovasjon Noreg var først på agendaen og påpeika at Vestland er staden for samarbeid, nyskaping og innovasjon. Dei oppmoda deltakarane til å bruka dagen og folk som var til stades godt. Og det gjorde dei så absolutt

Vidare var det klart for vidare var det klart for sjølve gulrota – nemleg oppstartsbedriftene. Alle presenterte selskapet sitt på ein flott måte. Aksello er ekstra stolt av inkubatorbedriftene Safe Storage AS og Retrams AS som leverte fantastisk pitching på scena i går!

Etter lunsj snakka mellom anna Sparebanken Vest, Peak Venture og Sogn og Fjordane-fondet og Connect om deira arbeid og korleis dei gjer investeringar. Ein ting er sikkert; det er eit stort behov for meir privat risikokapital her til lands. Martin Ramsdal har hatt litt av ei gründerreise som starta i Aksellos inkubator. På scena fortalde han om korleis deira selskap Nekst har jobba med å henta kapital, på vegen mot målet.

Alt i alt vart Kapitaldagen 2024 ein suksess. Spennande idear vart delte og nye kontaktar vart knytte. Framtida er lys for nyskaping i næringslivet!

Aksello takker Innovasjon Noreg, Kunnskapsparken Vestland og NHO Vestland for eit godt samarbeid.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet