Skip to content Skip to footer

Julehelsing frå Aksello

GLEDELIG JUL OG GODT NYTTÅR FRA AKSELLO-TEAMET

Når vi ser tilbake på året 2024 er vi stolte av alt vi har oppnådd saman. Vi har arbeidd godt for næringslivet, med fokus på både gründerar og etablerte bedrifter, for vekst, innovasjon, nyskaping og berekraftige løysingar for framtida. Det er fantastisk å sjå at våre tenester og verkemiddel har effekt. Bedrifter som er og tidlegare har vore ein del av inkubatorprogrammet vårt oppnår store bragder. Nedanfor vil vi trekke fram nokon få eksempel på prosjekter og det som har prega arbeidet til Aksello i år.

2024 har vore eit år med fleire interne endringar. Aksello har flytta inn i nyoppussa lokaler i Byx Cowork-bygget. Du finn oss no i 4. etasje. Her har Andrea Bjørkaas gjort ein kjempejobb med prosjekteringa. Kom innom dersom du lurer på noko, eller berre vil sjå på det nye kontoret!

Lone Bareksten gav seg som dagleg leiar i mars etter å leia selskapet trygt gjennom 10 solide år. Arne Olsen var konstituert dagleg leiar før Linn Nekkøy tok over roret som dagleg leiar i midten av september. Vi har også fått traineen Magnus Aftret med på laget gjennom Framtidsfylket. Han har tatt turen frå Trondheim for å arbeide med kommunikasjon og næringsutvikling hos oss. Ingunn Eide har fått eit born (Hurra!) og Trond Økland vikarierer for ho og passar godt på inkubatorselskapa våre mens Ingunn er i permisjon. I tillegg har vi tilsett Sujanth Puthi som ny forretningsutviklar. Vi gler oss til å ønskje han velkommen i januar!

PROSJEKT

Aksello har tidlegare leia fleire store prosjekt for næringslivet innan industri og nyvinning, både i Florø og i regionen generelt. Prosjekta Grøn Hub Fjord Base og Energisenter Florø har avdekka viktige fokusområde for regionen, kartlagt materialstraumar og identifisert symbiosar og moglegheiter for framtida. I 2024 har vi arbeidd vidare med å lande neste fase av Grøn Hub Fjord Base Florø, som inneber å bryte ned barrierar som mellom anna areal, infrastruktur og kapital, samt vidareutvikle industrielle symbiosar og sørgje for at ressursar blir nytta.

Flora U40 er eit prosjekt som har som mål å auke bulyst og trivsel blant dei under 40 år som bur i Florø og omland. Dette har vore ein kjempesuksess, og vi mottek mange positive tilbakemeldingar. Det er få ting som er så viktig for distrikta som rekruttering i tida som kjem, og ikkje minst behalde dei vi har. Flora U40 er ein viktig del av dette.

Eit anna tiltak for å kunne rekruttere, behalde og auke kompetanse er prosjektet Studiesenter kysten som Aksello driv. Dette prosjektet har studiehubar i Måløy, Florø, Hyllestad, Høyanger, Fjaler, Aksvoll og Solund. Prosjektet sørgjer for at studentar har ein stad der dei kan samlast og arbeide, at innbyggarar får tatt desentralisert utdanning og at ein kan tilby dei utdanningane og kursa som næringslivet etterspør. Har du behov? Ta kontakt med din studiehub!

Aksello har også gjennomført Grøn Vekst-programmet med fleire samlingar i løpet av året. Samlingane i haust tok utgangspunkt i å ruste bedriftene mot stadig høgare krav til berekraft, både i offentlege og private anskaffingar. Bedriftene som fekk være med denne gongen var Brødrene AA, Norblikk, Fjordpipe AS, iVest Consult, Niprox, Vestnes Ocean og Fokus Elektro. Alle fekk hjelp til å utvikle sine eigne berekraftstrategiar. Tilbakemeldingane frå bedriftene har vore overveldande positive, noko vi set stor pris på. Det blir nye rundar av Grøn Vekst til våren 2025, med andre spissa område som tema.

INKUBATOREN OG NÆRINGSHAGEPROGRAMMET

Gjennom inkubatorprogrammet har vi arrangert fleire samlingar i år, blant anna tur til Svanøy og pitche-trening med Steinar Korsmo, ein av verdas beste på feltet. Inkubatorbedriftene våre i år er ein solid gjeng med engasjerte menneske som står på kvar dag for sine idear. Dette gler oss å sjå, og vi vil gjerne at endå fleire får med seg det gode arbeidet dei gjer. Aksello og Kunnskapsparken Vestland er arrangørar av Kapitaldagen, saman med Innovasjon Norge & NHO. Dette er ei møteplass som koplar gründerar og investormiljø saman. Inkubatorbedriftene våre tok med seg tips og triks frå pitche-treninga og leverte solide presentasjonar på arrangementet.

Aksello ser store ringverknader som følgje av inkubatorprogrammet, både for noverande og tidlegare deltakarbedrifter. I år har vi vore vitne til enormt gode nyhende frå tidlegare og noverande inkubatorbedrifter som mellom anna Bue Salmon, Evoy og RetramS, som hentar fleire hundre millionar til Vestlandet. Det er bra jobba det!

Aksello er i 2024 også blitt ein del av næringshageprogrammet til Siva. Dette er eit tilbod som rettar seg mot bedrifter som ønsker å omstille seg, utan eit hovudfokus på innovasjon. Det betyr at vi kan hjelpe endå fleire bedrifter med rådgiving, vekst og omstilling. Vi tilbyr rådgjeving til bedrifter som ønskjer å delta. Ta kontakt for å høyre meir om tilbodet.

MØTEPLASSAR

I tillegg til inkubatorsamlingane har vi i løpet av 2024 arrangert fleire møteplassar, mellom anna frukostmøte kvar månad. Deltakarane har fått knytte kjennskap til kvarandre, høyrt meir om ulike prosjekt og fått eit innblikk i korleis andre bedrifter arbeider. I år tok vi også frukostmøtet med på tur. «Frukost til kvelds»-møtet i Svelgen var ei suksess, med fullt hus og gode diskusjonar. Vi ønskjer å vise at vi er her for bedrifter og næringsliv i heile vår region. Det var kjekt å helse på tidlegare inkubatorbedrifter som til dømes Dimeq, som arbeider for sikkerheit til havs og held til i Bremanger.

Havbruks- og FoU-møter har også vore på agendaen. Møta har som mål å kople næringsliv og forskarar. Haustens møte hadde som mål å auke adelen bedrifter innan maritim sektor som nyttar KI, for auka effektivisering, kostnadsreduksjonar og tryggleik. Presentasjonar frå ulike bedrifter og innspel frå forskarane frå FORREGION resulterte i gode diskusjonar om kva ein kan få til saman. Dette var kickoff for ei stor satsing som Aksello skal ha saman med ei rekke partnarar på KI, digitalisering og robotisering for neste år. Det er berre å glede seg. Meld interesse om dette er noko du synest er interessant!

ULIKE KURSTILBOD

Næringslivet ynskja auka styrekompetanse og ser behov for meir mangfald i styrerommet. Vi høyrde på dei og gjekk inn for å gjere noko med dette. Aksello har difor satsa på Styredagar 2024/25. Dette inneber at vi tilbyr fleire styrekurs med noko ulikt fokus. I desember var Styreforeningen i Florø og heldt autorisasjonskurs i styrearbeid. Kursdeltakarane fekk nytte seg av overveldande kompetanse. I samarbeid med Vekst/i/lag kjem Handelshøyskolen BI til regionen og tilbyr utdanning i styrearbeid. Takka være vår gode samarbeidspartnar Sparebankstiftinga blir dette tilbode til sterkt reduserte prisar! Tips frå Aksello; gi styrekurs i julegåve i år – kompetanse er ei gåve for livet. I mai 2025 kjem Anita Krohn til Florø og tilbyr styrekurs i praksis – det er berre å melde seg på!

STYRET OG VÅRE EIGARA

Aksello er heldige som har ei rekkje sterke og dyktige eigarbedrifter som vi arbeidar tett med og som er særs viktige for lokalsamfunna; Fjord Base, SFE, Westcon, Norwell, Equinor, Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Siva, Flora Industri- og næringsforening og Kinn Kommune. I år har vi gjennomført Eigarforum på Gloppen Hotell på Sandane. På Sandane fekk vi sjå korleis SFE har utvikla seg og sin bedriftsmodell ved hjelp av teknologi. Samstundes fekk ein herlege nyheiter om at Westcon har sikra seg kjempekontraktar med Forsvaret. Det er mykje positivt som skjer i næringslivet i regionen. Dette er eit resultat av hardt og godt arbeid frå mange dyktige tilsette rundt om. Vi i Aksello tek med oss dei engasjerande diskusjonane og synspunkta frå samlinga inn i vårt framtidige arbeid.

Styret i Aksello har arbeidd godt med strategiske langsiktige mål. Fokuset på samarbeid og å sikre at vi når ut til dei som har nytte av råd, støtte og det nasjonale og regionale verkemiddelapparatet har vore i fokus.

Aksello stiller knallsterkt i 2025, og vi er klare til å hjelpe næringslivet og gründerar – full fart opp og fram! Vi kan love store planar og mykje nytte for næringslivet og deg med ein gründer i magen. Aksello-teamet ser fram til det nye året og vi gler oss til å arbeide vidare med dykk. Samen oppnår vi innovasjon, nyskaping og berekraftige løysingar for framtida.

Ei riktig god jul og godt nyttår frå alle oss i Aksello!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet