Vi i Aksello ynskjer dykk alle ei gledeleg jul og eit godt nyttår fylt med innovasjon, bærekraft og framgang! I året som har gått, har vi gjort utruleg mykje kjekt! Med nye mål og auka finansiering til inkubatorprogrammet har vi hatt det travelt med å finne den beste løysinga for at næringslivet i region Fjordane skal ha best mogleg nytte av våre virkemidlar.
Tilbakemeldingar frå dykk i næringslivet om manglande kompetanse og utfordring kring rekruttering har resultert i at vi i 2023 fekk på plass både Studiesenter Kysten og U40 prosjekt. Det at Aksello kan hjelpe næringslivet med arbeid kring innovasjon og utvikling, ivareta tilflyttande kompetanse og ikkje minst finne gode ordningar for utdanning og kompetanseheving av tilsette der vi arbeider og bur, det har vore positive drivarar for oss i Aksello i 2023.
Elles står 2023 att som året då Aksello endeleg lukkast med å implementere ein langsiktig og berekraftig økonomisk modell som sikrar at Aksello kan løfte blikket og velje dei satsingane som gjev næringslivet den rette støtta for å lukkast med omstilling og nyskaping.
Styret i Aksello har jobba godt med strategiske langsiktige mål som gjer at vi har klare gode handlingsplanar for det nye året. Samarbeid og det å sikre at vi som er koplingsaktørarar og sit med nasjonale og regionale virkemidlar når ut til dei som har nytte av dei, er viktig.
Vi i Aksello trur at vi er på rett veg gjennom næringsminister Vestre si satsing på «En vei inn», og mykje meir samhandling for å nå våre felles målsetningar i lag. Eit døme på slikt samarbeid er Næringshagesatsinga i region Fjordane som endeleg ser ut til å bli realisert. Aksello gler seg til å kunne bidra dei neste åre til å tilby eit samlande og relevant næringshageprogram til etablerte bedrifter på Kysten av region Fjordane i 2024.
Må den komande jula vere fylt med glede, fred og inspirasjon slik at vi kan gå inn i det nye året med friskt mot. Saman med våre eigarar, styre, rådgjevarar, og prosjektleiarar ser vi fram til å fortsetje denne spennande reisa med dykk, der vi saman kan forme framtida gjennom meir samhandling, fleire innovative satsingar og ei berekraftig omstilling.