Skip to content Skip to footer

Grøn Vekst hausten 2024: Lokalbedrifter går inn i framtida med nye berekraftstrategiar

I ei tid der berekraft blir stadig viktigare for både offentlege og private aktørar, har Grøn Vekst-programmet hjelpt fleire lokalbedrifter å tilpasse seg nye krav. «Dette er første gong vi har klart å lage ein berekraftstrategi for firmaet! Vi har tenkt lenge på dette, men no har vi tatt steget,» fortel Jan Henrik Nygård, dagleg leiar i Norblikk, når han oppsummerer siste utgåve av Grøn Vekst-programmet.

Litt av bakgrunnen for denne runden med Aksello sitt Grøn Vekst-program heng saman med regjeringa si historiske endring som tredde i kraft i januar i år. Denne peikar på at klima og miljø no skal vektast med minst 30 % i offentlege anskaffelsar. Samstundes ser ein at krav om berekraft også blir viktigare i det private næringslivet.

Nicolai Tangen, CEO for Norges Bank Investment Management, oppsummerte i eit intervju med NRK betydninga av desse krava med følgjande ord: «Hvis du ikkje tar dette på alvor, er det ingen som vil jobbe hos deg, ingen som vil kjøpe produkta dine, ingen banker som vil låne deg pengar og ingen forsikringsselskap som vil forsikre deg.»

Endringane i offentlege og private anskaffelsar har vore ein viktig drivkraft for bedrifter som deltek i Grøn Vekst. For mange betyr dette eit behov for å tilpasse seg, både for å vere konkurransedyktige og for å imøtekomme framtidens krav.

I løpet av tre fellessamlingar og individuelle oppfølgingssamtalar har deltakarane blant anna fått eit innblikk i korleis både offentlege og private aktørar kjem til å vektleggje miljø og klima i framtidige anskaffelsar. Kinn kommune, Vestland fylkeskommune og PwC stilte opp og fortalde om berekraft i offentleg sektor, medan Westcon, Cargill og Nor Tekstil representerte det private næringslivet. Gjennom individuell oppfølging, erfaringsutveksling og aktiv deltaking utvikla bedriftene som deltok eigne berekraftstrategiar som skal gi dei eit fortrinn i framtida.

Jan Henrik Nygård fortel vidare: «Vi har plukka ut ein del viktige tiltak som vi vil fokusere på. Dette vil føre til betre drift og at vi stiller sterkare i møtet med dei krava som blir sette. Eit døme på eit tiltak vi har lyst til å teste ut, er bruk av kunstig intelligens for å analysere serviceavtalar. Eit slikt verktøy kan hjelpe oss med å hente ut informasjon og undersøke kva produkt og materialar som fungerer best i ulike situasjonar. På den måten kan vi vere sikre på at vi vel materialar som varer lenge og som er mest mogleg berekraftige.»

Takk til alle deltakarane og bedriftene som har bidratt med innsiktsfulle presentasjonar under desse Grøn Vekst-samlingane.

Vi i Aksello gledar oss til å fortsette dette viktige arbeidet, som vil styrkje berekraftige og konkurransedyktige bedrifter i vår region. Den positive utviklinga vi ser i dag, er berre byrjinga.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet