Frukostmøtet den 7. september gjekk av stabelen med “stinn brakke” (vel 50 frammøtte) og stor stemning. Dei to hovudinnlegga, Dagfinn Neteland frå Fjord1 og Torodd Helle frå Helle Fabrikker, var særs inspirerande. For første gang køyrde vi også eit av innlegga live som du kan sjå her eller på Facebook-sida vår.
Fjord1 – lokal aktør i ein global marknad v/adm. dir Dagfinn Neteland
Fjord1 har hatt ei fantastisk utvikling med 240 millionar i overskot i halvårsresultat for 2017. Administrerande direktør Dagfinn Neteland var på plass for å fortelle om korleis dei har skapt ein ny og meir kommersiell forretningskultur som har gitt selskapet gode økonomiske effekter og det gode omdømme som dei har. Innovasjon står i høgsetet, og det må lokale verksemder søke å vere med på.
Helle Fabrikker – Merkevarebygging og internasjonalisering v/Torodd Helle
Helle Fabrikker er ei bedrift med ein lang tradisjon frå Holmedal som har gjort knivskarp suksess både i Norge og i det store utland med ein marknad i mellom anna Amerika og Afrika. Vegen dit var noko av det som dagleg leiar Torodd Helle snakka om under dagens frukostmøte. For Helle Fabrikker var det mellom anna nyttig og få nokon inn frå utsida som såg bedrifta med nye auge og hjalp dei med merkevarebygginga. Hans beste råd til dei som driv med merkevarebygging og internasjonalisering, særlig i “high end”-marknaden, er å tore å vere seg sjølv 100% og levere “ekte varer”.
Innlegget vart avslutta med ei trekning av ein Harding Hellekniv som gjekk til Stein-Asle Øvrebotn frå Vestnes Land.
Sykkelbyen Florø v/Catherin Secher, Flora kommune
Catherin Secher frå Sykkelbyen Florø gav ein introduksjon til kva dei jobbar med som ein av to sykkelbyar i Sogn og Fjordane. Dei står mellom anna bak sykkelparkeringa ved Florø barneskule og hjelper bedrifter med å tilrettelegge for ein sykkelvennleg arbeidsplass. Bedrifter som er interessert kan ta kontakt med dei.
Ordet fritt
Aksello sin nye trainee, Trine Vederhus, vart presentert.
Rådgjevar Heidi Felle informerte om at der er meir midlar att som skal delast ut frå Kommunalt Næringsfond for 2017. Om nokon har ein idé eller eit prosjekt kan dei ta kontakt med Heidi for å få rettleiing i korleis ein søker Kommunalt Næringsfond heidi@aksello.no.
Arne Olsen minna om at det framleis er ledige plasser under lunsjmøte med utanriksminister Børge Brende fredag den 8. september kl. 11.45-13.00 på Haavebua (ved Quality Hotel i Florø). Meir info og påmelding her.
Og han minna om Brukarundersøkinga som alle må fylle ut (dei som har mottatt ho).
Trond Strømgren frå Maritime Foreining kom med ei påminning om at verda kjem til Florø den 13. og 14. september under konferansen om Marin Energi. Meir info om arrangementet her.
Neste Frukostmøte
Neste frukostmøte blir torsdag den 5. oktober. Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta invitasjon til inspirasjon og fagleg påfyll.
[av_button label=’Motta nyhendebrevet’ link=’manually,http://framflora.us7.list-manage2.com/subscribe?u=01884035cc6939da6e2474bf8&id=5931901d8d’ link_target=’_blank’ size=’small’ position=’center’ icon_select=’no’ icon=’ue817′ font=’entypo-fontello’ color=’theme-color’ custom_bg=’#444444′ custom_font=’#ffffff’ av_uid=’av-2k4nug’]