Skip to content Skip to footer

FoU-møte om kunstig intelligens, robotikk og digitale løysingar i maritim sektor

Torsdag den 28. november 2024 inviterte Aksello i samarbeid med Forregion Vestland til FoU-møte om kunstig intelligens, robotikk og digitale løysingar i maritim sektor.

Målet med møtet:

Auka andelen verksemder innan maritim sektor som nyttar KI, robotikk og digitale løysingar, til fordel for effektivisering, kostnadsreduksjonar og tryggingsforbetring.

Dagen begynte med mingling og lokalet fylte seg fort opp med dagens deltagere og lyden av gode diskusjoner fylte rommet.

Andrea Bjørkaas og Øystein Stavø Høvig ynskja alle velkommen til FoU møte.

FoU møtet var delt opp i to «bolker». Bolk ein er næringslivet som legger fram kva dei jobbar med innan tematikken, men og moglegheitsrommet som dei ser for seg å kunne ta nytte av i framtida.

Frå næringslivet presenterte Ørjan Midttun frå Fjord1 – der vi fekk høyre om autonome ferjer og spennande prosjekter. Øyvind Mjønerud frå Marø Havbruk og E.Karstensen Fiskeoppdrett presenterte kva dei jobbar med, og la grobunn for kva oppdrettsnærings treng i framtida innan kunstig intelligens, robotikk og digitale løysingar

Mellom bolkane fekk vi ein digital presentasjon av Claus Gladyszak – som losa oss gjennom kva Oceanopolis er og korleis det er eit mulig springbrett for lønnsam digitalisering.

I bolk to fekk vi presentasjonar av Øystein Stavø Høvig (HVL ) – Forskar: Innovasjon og teknologi som gåve oss ein god introduksjon inn i akademia og kva som ein kan få til ilag med næringslivet. Etterfølgt av Emil Lindfors (HVL)- Forskar som gav oss ein god innføring i Digitalt og Innovasjon. Sist var det Erik Kyrkjebø (HVL) professor: Robotikk – HVL – som presenterte moglegheitsrommet for robotikk i næringslivet og kva ein kan nytte det til og utviklinga som har skjedd innan denne tematikken- Erik deltok digital.

Vi avslutta dagen med middag i Bollette og gode diskusjonar rundt middagsbordet.

Vi snakkas til neste FoU møte.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet