Den 13. og 14. februar 2025 vart Formannskapskonferansen arrangert i Loen, der Region Fjordane saman med Invest In Fjordane, samla ordførarar, lokalpolitikarar og næringsselskapa til ein viktig samling om framtidige utfordringar og moglegheiter for region Fjordane. Konferansen sette fokus på kraft som ein avgjerande faktor for regionens utvikling.
Energi har vorte eit sentralt tema for både næringsliv og samfunnsutvikling, og tilgang på energi er ein nøkkelfaktor for å kunne støtte økonomisk vekst og berekraftig utvikling. Fleire ekspertar og leiarar frå ulike organisasjonar delte sine perspektiv på utfordingane og moglege løysingar for å sikre auka energitilgang og støtte den grøne omstillinga.
Linn Nekkøy, dagleg leiar i Aksello, påpeikar at krafttilgang er ein av dei største utfordringane for næringslivet i regionen:
“Eit av dei viktigaste spørsmåla for regionen vår og næringslivet framover er kraft. For at vi skal styrke oss og vere konkurransedyktige i ein internasjonal marknad treng næringslivet energi for å utvikle seg”.
Ho framhevar at energiforsyning er ein kritisk faktor for å tiltrekke investeringar og sikre framtidig vekst i regionen og legg til:
«Formannskapsseminaret var ein utruleg bra og fagleg nyttig arena som gav deltakarane ein viktig moglegheit til å diskutere dei sentrale utfordringane som ein står ovanfor i regionen. Og framheva at samarbeid på tvers av sektorar og nivå vil vere nødvendig for å møte desse utfordringane».
Foto: Photoevent