Førre veke (tysdag 26.11.2024) vart det arrangert eigarforum på Sandane, og vi i Aksello vil starte med å takke alle dei dyktige eigarane som deltok. Gode innspel og engasjerande diskusjonar gjorde forumet til ei spennande og lærerik oppleving. Vi tek med oss viktige synspunkt frå møtet inn i vårt arbeid for framtida.
Gjengen var også på besøk til Sogn og Fjordane Energi (SFE), der deltakarane mellom anna fekk sjå den nye produksjonssentralen til selskapet. Her arbeider dei tilsette med å overvåke og styre kraftproduksjonen. Den nye installasjonen gjer det mogleg å regulere kraftproduksjonen i forhold til marknaden si etterspørsel, noko som er med på å skape merverdi.
Vertskapet på Gloppen Hotell var som alltid upåklageleg, og vi takkar for den varme velkomsten og den gode serveringa.
Takk til alle som deltok, og vi ser fram til fleire samlingar i framtida.