Demo Day Vestland er arrangert av Vis Innovasjon i Bergen og er ein arena der investorklare selskap kan treffe investorar. Her får oppstartsselskap unik moglegheit til å presentere seg for investormiljøet i regionen, og bygge seg eit nettverk både av investorar og andre oppstartsselskap.
For investorane er det ein fin moglegheit til å få innblikk i kva som rører seg i gründermiljøet, og kva idèar som er verdt å investere i.
Demo Day Vestland legg til rette for at gründerane kjem i dialog med eit sterkt investormiljø der ein kan knytte kontakt med investorar som kan bidra til at selskapet får realisert sitt fulle potensial.
Vi er stolte av å meddele at vår inkubatorbedrift Thalasso var tilstades og presenterte seg på Demo Day Vestland.
Thalasso AS er eit norsk-meksikansk samarbeidsprosjekt som skal utvikle ein metode for å hauste og prosessere sargassum (flytetare) i Karibia og Vest-Afrika. 27. oktober presenterte dei seg for investormiljøet på Demo Day Vestland.
Demo Day Vestland er arrangert av Vis Innovasjon i Bergen og er ein arena der investorklare selskap kan treffe investorar. Her får oppstartsselskap unik moglegheit til å presentere seg for investormiljøet i regionen, og bygge seg eit nettverk både av investorar og andre oppstartsselskap.
For investorane er det ein fin moglegheit til å få innblikk i kva som rører seg i gründermiljøet, og kva idèar som er verdt å investere i.
Demo Day Vestland legg til rette for at gründerane kjem i dialog med eit sterkt investormiljø der ein kan knytte kontakt med investorar som kan bidra til at selskapet får realisert sitt fulle potensial.
Vi er stolte av å meddele at vår inkubatorbedrift Thalasso var tilstades og presenterte seg på Demo Day Vestland.
Kjerneteamet i Thalasso består av Frode Sønstebø (CEO og co-founder) og Paulina Gonzalez (CMO og co-founder). Vi fekk prata med Frode i etterkant av Demo Day, så her får vi eit innblikk i korleis dei opplevde dagen:
Korleis opplevde dykk Demo Day?
«Det var ei god oppleving med moglegheit til å møte mange mennesker, særskild innanfor startup-scena på Vestlandet. Ein god del av investorkjerna i Vestland var til stades, saman med mange bedriftseigarar innanfor ulike bedriftskategorier. Fokuset var særskild på energi, hav, teknologi og helse.»
Kva fekk de ut av å delta?
«Vi har fått nokre nye kontaktar, vi fann også nokon «gamle kjenningar», samt ei handfull av potensielle investorar som skal vurdere moglegheitene vidare. Det var fleire folk og bedrifter som passar godt inn i kva vi arbeider med, og som kunne tenke seg å vere involvert i vårt prosjekt.»
Kva er neste steg?
«Vi har allereie byrja med digitale møter med potensielle investorar, og det skal over dei neste par veken bli satt opp fleire møter med fleire av dei vi blei kjend med under Demo Day Vestland. Forhåpentlegvis skal vi kunne ta selskapet eit par steg vidare med nokon av dei nye kontaktene, og då særskild med tanke på å få inn ein investor.»