Skip to content Skip to footer

Bravo Seafood tok skreddarsydd CSRD-kurs hos Aksello

Bravo Seafood tok skreddarsydd CSRD-kurs hos Aksello

Aksello har i samarbeid med to av dei leiande aktørane innan CSRD-rapportering (Corporate Sustainability Reporting Directive) utarbeida eit skreddarsydd praktisk kurs i berekraftsrapportering. Programmet har vore tilpassa for å gjere det meir tidsoptimalt og ved å nytte tida under kurset til å utføre delar av arbeidet.

Bravo Seafood tok med heile styret og dei som arbeider med dette i dagen, for ein intensiv, to-dagars gjennomgang. Målet var å gje deltakarane ein grundig forståing av krava og forankringa, og samstundes gje praktisk rettleiing i korleis dei kan implementere tiltak for å ruste seg for CSRD-krava.

Bravo Seafood deler sine erfaringar

Bravo Seafood var svært fornøgde med opplegget og delte sine erfaringar etter kurset:

«Dette har vore eit særs nyttig opplegg, og det har skjedd ei endring i tankegangen vår på kvifor vi må gjere dette. Denne type arbeid er ikkje nødvendigvis det ein har mest fokus på i kvardagen, men dette kurset lærte oss mykje på ein praktisk måte, og vi fekk brukt tida godt til å utføre arbeidet, samtidig som vi blei rettleia gjennom prosessen. Vi ser at alt er ikkje berre papirarbeid men konkrete aktivitetar som vi legg til rette for og som er ein del av vår strategiske tilnærming. Ansvaret er forankra der det høyrer heime, og etter god rettleiing frå Aksello er vi nesten ferdige etter berre ein til to intensive månader med arbeid på denne fronten.»

Konkurransefortrinn gjennom berekraftig rapportering

Sjølv om myndigheitene mest sannsynleg vil lette på krava til CSRD-rapporteringa, er Bravo Seafood tydelege på at arbeidet med berekraftsrapportering ikkje er forgjeves. Dei understrekar at det ikkje berre er eit regulatorisk krav, men at kundar og samarbeidspartnarar i aukande grad forventar det.

«Sjølv om myndigheitene no mest sannsynleg skal lette på krava, ser vi at dette arbeidet måtte gjerast uansett. Vi ser at kundar og samarbeidspartnarar krev det. For oss blir det eit konkurransefortrinn,» seier Anne Bortne.

Dette kurset har vore eit verdifullt steg for Bravo Seafood for å ruste seg for framtida, og Aksello er stolte av å ha vore ein viktig støttespelar i denne prosessen.

CSRD-kurset frå Aksello: Eit viktig verktøy.

Med eit aukande fokus på berekraft og transparens, er det viktigare enn nokon gong at verksemder tilpassar seg nye krav, både frå myndigheiter og interessentar generelt. Det tilpassa kurset frå Aksello med sine partnerar gjer det lettare for verksemder å forstå og implementere CSRD-rapporteringa på ein praktisk og effektiv måte. Det er dette som må til om bedriftene skal sjå nytta i det og ikkje berre tenke på det som eit overveldande byråkrati.  

For meir informasjon om kurset eller korleis Aksello kan hjelpe deg og di verksemd med CSRD-rapportering, ta gjerne kontakt for ein konsultasjon.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet