[vc_row][vc_column][vc_column_text]I 2018 har vi hatt fullt fokus på investorstrategi i inkubator for å sørgje for at inkubatorbedriftene våre er klare til å møte investorar og sikre viktig kapital til prosjekta sine. Det passa difor perfekt å runde av med fagleg innhald før vi feira juleavslutning på Vesle Kinn! 🙂
Dagen starta hos Aksello med besøk frå Connect Vest. Først ut fekk inkubatorbedriftene presentert seg og idéane sine for gjestane. Deretter fekk dagleg leiar frå Connect Vest, Hege Elvestad, ordet for å fortelje meir om nettverket deira, BAN – Business Angel Network, og korleis dei arbeider for å koble vekstselskap med kompetanse, nettverk og kapital.
Gründer og investor Agathe Bøe Risa delte frå sine erfaringar som investor og kom med fleire konkrete råd og innspel som inkubatorbedriftene kunne ta med seg i sitt vidare arbeid.
Eit år med pitche-terping og hard jobbing vart avslutta hos Vesle Kinn med god mat og drikke, toppers stemning og Kahoot-konkurranse! Vinnaren av konkurransen vart Team Shalala, Peter Hollevik (Orenda) og Per Ove Lexau (Retrams).
[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_masonry_media_grid grid_id=”vc_gid:1542805857076-a6af875a-b878-1″ include=”6358,6359,6361,6360,6362,6363,6364,6365,6368,6373,6370,6371,6372,6369,6374,6375″][/vc_column][/vc_row]