Veke 34 var det klart for Aqua-Nor messe i Trondheim. Aqua-Nor er ein arena som samlar det meste som kan krype og gå innan havbruksnæringa, og er ein ypparleg arena for å treffe nye og gamle kontaktar. Samstundes er det ein arena som tilbyr fagleg påfyll om næringa og den nyaste forskinga på dette området. Dette var Aqua Nor messa sitt 40 års jubileum og var no større enn nokon sinne med ein ny hall på 4500 kvm.
Tirsdag heldt fiskeridirektøren, Liv Holmefjord, Opningstalen. Ho trakk fram korleis utviklinga innan teknologi og berekraft vil være ein stor del av oppdrettsnæringa framover. Fiskeriminister Harald Tom Nesvik, opna Aqua-Nor messa kor og Kronprinsen var tilstades. Tilstades var og inkubatorbedrifta til Aksello, Evoy, som var og viste fram El-båten Evoy 1. Samt fleire representantar frå næringa lokalt. Det blei presentert en rekke presentasjonar som viste kor kreativ, berekraftig og nyskapande næringa i regionen er.
Dei store talane trakk fram den utviklinga som har vore innan havbruk, med tanke på berekraft og den enorme teknologiske utviklinga som har skjedd på leverandørsida dei siste årene. Dei hadde og eit søkelys på korleis havbruk er en viktig arena for å nå FN sine berekraftmål.
Det har vore spennande å møte så mange ulike aktørar innan havbruk. Aqua Nor har gitt Aksello en arena for å framsnakke næringa i regionen til nasjonale og internasjonale partnerar. Samstundes har det gitt ein moglegheit for mykje fagleg påfyll og inspirasjon for det vidare arbeidet med Havbruksprosjektet, som er et samarbeidsprosjekt for næringa i regionen Sogn og Fjordane, og er no godt i gang med å konkretisere ulike aktivitetar for vidare arbeid.