Andrea er fødd og oppvaksen i Florø, og beskriv seg sjølv som hjelpsam, energisk og glad i å prate. Ho reiste tidlig ut i verda for å hente kunnskap.
– Eg har budd av og på i England i over 10 år, og tok blant anna bachelor og master i prosjektleiing i Sunderland, seier Andrea, som vendte tilbake til Norge mot slutten av 2018.
– Sidan har eg jobbar som prosjektleiar, blant anna for kollektivterminalen på Fugleskjærskaia, fram til innstilling av totalentreprenør, samt innan FoU.
No gler ho seg til å jobbe i Aksello
– Som Florø-jente er det utfatteleg spennande å jobbe for ei bedrift som Aksello, som jobbar for verdiskaping i vår region, seier ho og fortel at det er ein jobb som passar ho godt.
– Eg har stort engasjement for å få ting til å skje, mykje pågangsmot og entusiasme. Eg bryr meg mykje og føler sterkt for å jobbe med prosjekt som gjer noko bra for regionen vår. Og det er jo det Aksello har som fokus. Til dømes prosjekt som har som grobotn at næringsliv og gründerar skal lukkast. Det er stort fokus på verdiskaping i regionen, og ikkje minst at vi skal skape ny, grøn vekst. Aksello skal bistå grunderar og næringsliv med dei rette verkemiddela, på rett plass.
Motivasjonen min er at når eg sit i gyngestolen, og mi tid i næringslivet er over, så skal eg kunne sjå tilbake og vite at «dette var eg med på». At eg har bidrege til det betre, og satt mitt merke på regionen vår.