Skip to content Skip to footer

FoU-møte – KI i maritim sektor

Aksello inviterer i samarbeid med Forregion Vestland til FoU-møte om kunstig intelligens, robotikk og digitale løysingar i maritim sektor den 28. november 2024. 

Dato: 28. november 2024
Tidspunkt: 10:00-15:00
Stad: Comfort Hotell Victoria Florø

Påmeldingsfrist: snarest

Grunna avgrensa plassar anbefales tidleg påmelding

Bakgrunnen for FoU møtet:

Ved å undersøkja moglegheitene for implementering av KI i maritim sektor kan ein få eit betre innblikk i korleis teknologi kan brukast til å auka effektivitet, redusera kostnader og dessutan forbetra tryggleik. Automatisering av oppgåver og optimalisering av operasjonar kan bidra til betre ressursbruk og meir verdiskaping. Vi ønskjer å leggja til rette for samhandling og inviterer derfor til FoU-møte. I dette møtet vil vi prøva å leggja grunnlaget for samarbeid mellom næringslivet og forskarar som ser innovasjons- og utviklingspotensialet til KI i maritim sektor.

Vi er avhengige av å samla gode krefter for å kunna etablera samhandling mellom aktørar innan næringslivet og kunnskaps- og utviklingssektoren. Eit samarbeid mellom næringslivet og forskarar som ser nærare på KI i maritim sektor kan føra med seg ny kunnskap, innovasjonsmoglegheiter og nytt næringsutviklingspotensial. Kunnskapsoppbygging og ei meir sirkulær næringsutvikling vil vera viktige fokusområdet for framtida, for å dra nytte av teknologien på best mogleg vis.

Automatisering og bruk av maskiner kan leggja til rette for klimatilpassingar, og teknologien kan hjelpa oss å utnytta ressursane på ein meir berekraftig måte. KI kan vera ein kjemperessurs for den maritime sektoren, men dette føreset at ein får samla forskarar og næringsliv, slik at ein går inn i framtida med eit felles fokus.

Målet med møtet:

Auka andelen verksemder innan maritim sektor som nyttar KI, robotikk og digitale løysingar, til fordel for effektivisering, kostnadsreduksjonar og tryggingsforbetring.

Agenda:

11:30 – Mingling 11.30
12:00 – Velkommen 12.00
12:15 – Presentasjonar fra næringslivsaktørar
13:00 – Kaffipause
13:45 – Presentasjonar fra FoU-miljøet
15:00 – Plenumsdiskusjon: oppsummering og vegen vidare
15:30 – Middag
16:30 – Avslutning

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet