Aksello er glade for å introdusere Sujanth Puthi som vår nyaste forretningsutviklar. Sujanth har brei erfaring frå sal og ein sterk lidenskap for innovasjon. Han tok med seg kona frå Hornindal og flytta tilbake til Florø i august. No er Sujanth klar for å bidra til næringsutvikling i Florø og regionen. Vi tok ein prat med han om kva som motiverer han og kva han ser fram til i si nye rolle.
Motiverast av kreative miljø og utvikling
– Eg trivst i kreative miljø og blir inspirert av folk som brenn for utvikling og innovasjon. Eg ser på meg sjølv som ein som er flink til å jobbe med folk, og eg gler meg til å møte mange nye personar gjennom denne jobben. Saman skal vi få til mykje, seier Sujanth.
Sujanth har ei økonomiutdanning frå Handelshøgskulen BI. Etter utdanninga byrja Sujanth å jobbe innanfor sal, og han har opparbeidd seg brei erfaring innan data, tech, forsikring og økonomi. Det nye tilskotet til Aksello har mellom anna tidlegare vore salssjef, rådgivar og Key Account Manager i ulike nettselskap som Eviny og BKK.
Kva tiltrekte deg til Aksello?
– Eg har høyrt mykje positivt om folka her, og ser på Aksello som ein viktig aktør i næringsutviklinga i Florø og regionen. Eg vil bidra til å gjere ein forskjell i lokalmiljøet og påverke regionen på ein positiv måte, seier Sujanth.
Ny utfordring som forretningsutviklar
Sujanth har alltid vore ein person som trivst ute der ting skjer, og ser på forretningsutviklarrolla som ei spennande utfordring. Han likar å arbeide målbevisst for å skape resultat, og synest prosessen frå idé til resultat er svært givande.
– Eg har blitt tatt godt imot her, og alle verkar veldig motiverte og ambisiøse. Og det passar bra sidan eg ønskjer å skape meg eit namn i næringslivet her på Vestlandet og bidra til vekst samtidig som eg utviklar meg profesjonelt, seier Sujanth.
Dagleg leiar i Aksello, Linn Nekkøy, seier at dei er svært glade for å få Sujanth med på laget.
– Sujanth har ein strålande bakgrunn og personligheit for fleire av dei prosjekta vi skal arbeide med framover. Vi i Aksello driv med nærings- og forretningsutvikling kvar dag, og Sujanth si erfaring frå sal og marknad er områder som dei fleste av våre inkubatorbedrifter treng rådgiving på. Sujanth er eit tilskot som har akkurat den rette innstillinga for alt vi skal få til framover. Og det er ikkje reint lite, legg ho til med glimt i auge.
På fritida
Når han ikkje er på jobb, er Sujanth opptatt med trening, fotball og sosialt samvær med vener og familie. Han hentar inspirasjon frå menneske som lykkast og blir drive av ein indre motivasjon for å nå større mål.
Kva ser du fram til mest i jobben?
– Eg ser fram til å vere ein del av eit inspirerande miljø og jobbe tett med både gründerar og kollegaer for å bidra til vekst og utvikling, seier Sujanth.
Med sin entusiasme og sterke engasjement for menneske og utvikling er Sujanth eit viktig tilskot til Aksello-teamet!
Om Aksello
Aksello er eit næringsutviklingsselskap som støtter gründerar og etablerte bedrifter. Selskapet har ein av dei 30-tals inkubatorane i det nasjonale Siva-systemet, gjennomfører ei mengd prosjekt der spesielt koplinga mellom bedrifter, styresmakter og akademia står sentralt, og driv kommunal førstelineteneste.
Aksello hentar midlar og finansiering til støtte for bedrifter og prosjekt, og arrangerer ulike møteplassar for rekruttering, kompetanseheving og anna.
Selskapet har i dag ti eigarar: Westcon Yard Florø, Fjord Base Holding, Equinor, Flora Industri- og næringsforening, Sparebanken Vest, Sparebanken Sogn og Fjordane, Norwell, Sogn og Fjordane Energi, Kinn kommune og statlege Siva.
For ytterlegare informasjon, ta kontakt med dagleg leiar Linn Theres Nekkøy på telefon: +47 958 20 063 eller e-post: linn@aksello.no.