Som første i Norge har inkubatorbedrifta Retrams fått innvilga støtte frå Norsk Katapult Fase 2. Norsk Katapult er eit tilbod for innovative selskap som ønsker å utvikle sine forretningsidear, og dei kan få støtte på kr. 100.000 i Fase 1, og seinare kr. 250.000 i Fase 2. Siva stiller med pengane, fem såkalla Katapultsentre stiller med kompetanse og ressursar, og Aksello loser bedrifta gjennom prosessen. Les meir om Norsk Katapult her.
Retrams skal bruke pengane til å vidareutvikle sin Mobil Scanner. Denne skal effektivisere handteringa av kirurgisk utstyr på sjukehus, i forlenginga av ei utviklingskontrakt Retrams har med Haukeland sjukehus. Marknaden for produktet, når den tid kjem, vil være helseføretak i heile verda. Retrams aukar si bemanning kontinuerleg, og har det siste året vekse frå 2 til 5 personar.
Aksello er stolt og kry over å ha ei så framoverlent bedrift som Retrams i si portefølje, og vi vil fortsette å støtte Retrams og liknande bedrifter med å finansiere si utvikling.
Vi er glade på vegne av Retrams for å ha kome gjennom dette nålauget, og vi har god tru på at fleire andre av våre inkubatorbedrifter vil følgje etter dei næraste månadane, seier inkubatorleiar Vanja Viken.