Stortingsrepresentanten var i Florø for å møte partifellar frå Bremanger og Kinn Venstre, og næringslivet som var representert av Tor Førde frå Flora Industri og Næringsforening, Linn Nekkøy frå Aksello, og Konsernsjef Ole Schanke Eikum frå Fjord Base Gruppen.
I møtet diskuterte ein kraftsituasjonen i regionen. Næringslivet har behov for meir kraft for å kunne utvikle seg og å vera konkurransedyktige i ein internasjonal marknad. Dette er også svært nødvendig for å kunne satse på nye grøne løysingar vidare. Den nye geopolitiske situasjonen ein har i dag vil krevje mykje av distrikta og det er viktig at ein er rusta i eit forsvarsbilete. Nasjonal tryggleik må vere styrande, og dette gjelder også når det kjem til energi. Å få fortgong i utbygging av trafo på Grov er særs viktig for heile Fjordane-regionen.
Bjørlo sit i næringskomiteen på Stortinget og er aktiv i dei nasjonale spørsmåla ein arbeider med i dagen. Han tok oppmodinga frå næringslivet og no er forslaget høgtideleg overlevert stortingspresidenten i stortingssalen – på den siste dagen før påske, og dermed siste sjans for å få saka handsama i Stortinget i vår. Vi kryssar fingrane for at Stortinget forstår alvoret og at ein får fortgong i utbygginga av trafo på Grov.