Skip to content Skip to footer

Stor interesse for Grøn hub fase 2

Aksello har tidlegare leia prosjekta Grøn hub Fjord Base fase 1 og Energisenter Florø.  No går vi vidare med Grøn hub Fjord Base Florø fase 2 – saman med Fjord Base, men også resten av industrien i byen.

I går inviterte Vestland fylkeskommune og Aksello ei rekkje lokale verksemder til workshop med mål om eit enda meir berekraftig næringsliv. Deltakarane inkluderte representantar frå Cargill, Linja, Westcon, Fjord Base, Saga Fjordbase, Flora industri- og næringsforening, Hub for Ocean og Kinn kommune, i tillegg til dei to arrangørane. Vestland, gjennom Grøn region Vestland, har teke leiing i det grøne skiftet, og Fjord Base vart tidleg peika ut som 1 av 19 grøne hubbar i fylket, med mange moglegheiter for berekraftige framtidsløysingar og industriell symbiose. Tanken er at éin aktør sitt «problem»/avfall kan bli ei viktig løysing for ein annan.

Målet med den grøne hubben er å leggja til rette for samarbeid og deling av erfaringar, slik at ein kan komma i gang med aktivitetar knytt til konkrete symbiosar og realisera det potensialet som er til stades. Det er spesielt hyggjeleg å kunna konstatera at tilbakemeldingane frå aktørane i det lokale næringslivet etter fase 1 alle er svært positive, og at dei involverte ser store nytta av å ha ein stad der idear og samarbeid kan få grobotn.

Barrierane innanfor næringslivet i Florø er mangfaldige, og dei krev løysingar innanfor område som kraftnett, kapital, kompetanse, areal og infrastruktur. Landbasert oppdrett, grøn hydrogenproduksjon, ammoniakk, biogass og havvind har via hubben allereie vorte identifisert som viktige komponentar i ein sirkulær økonomi. Dei involverte i Grøn hub-prosjektet fortel at det derfor vil vera viktig å inkludera fleire aktørar som held til i byen, også utanfor Fjord Base, for å samarbeida godt på vegen mot løysingar på komplekse problem. Andre fasen av prosjektet inkluderer derfor Florø i prosjektnamnet.

Dei to forprosjekta peikar på område som vil vera viktige å jobba med vidare, og har allereie identifisert konkrete prosjekt. No startar jobben med å gjennomføre prosjekta, identifisere enda fleire og ikkje minst danne ein styringsmodell.

Vi tek no sikte på å invitera fleire relevante aktørar inn i dette arbeidet, seier Arne Olsen, som på vegne av Aksello leia workshopen i går.

Meir om Aksello

Aksello er eit næringsutviklingsselskap som støtter gründerar og etablerte bedrifter. Selskapet har ein av dei 30-tals inkubatorane i det nasjonale Siva-systemet, gjennomfører ei mengd prosjekt der spesielt koplinga mellom bedrifter, styresmakter og akademia står sentralt, og driv kommunal førstelineteneste. Aksello hentar midlar og finansiering til støtte for bedrifter og prosjekt, og arrangerer ulike møteplassar for rekruttering, kompetanseheving og anna.

Selskapet har i dag ti eigarar: Westcon Yard Florø, Fjord Base Holding, Equinor, Flora Industri- og næringsforening, Sparebanken Vest, Sparebanken Sogn og Fjordane, Norwell, Sogn og Fjordane Energi, Kinn kommune og statlege Siva.

For ytterlegare informasjon, ta kontakt med Linn Theres Nekkøy, dagleg leiar, på telefon 95820063 eller e-post: linn@aksello.no.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet