Skip to content Skip to footer

Samla miljøet i Gloppen

Forrige veke var bedrifter frå innovasjonsmiljøet til Aksello og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane samla til inkubatorsamling på Gloppen Hotell. Inkubatorsamlinga er eit fast innslag som inkubatorane i Sogn og Fjordane arrangerer 1-2 gangar i året. Med ein nyleg inngått samarbeidsavtale mellom Aksello og Kunnskapsparken var det ei gyllen anledning til å arrangere ei felles samling for miljøet.

Allereie på den første fellessamlinga såg vi ein positiv effekt av samarbeidet. Sirkelen vår har blitt større og nyskaparane våre, både nye gründerar og etablerte bedrifter, har blitt del av eit tettare miljø der dei har fleire å sparre med. Praten gjekk laust mellom deltakarane som delte det dei har av utfordringar, erfaringar og gode råd for å vere med å løfte kvarandre fram og vidare. Nokon fann også potensielle samarbeidspartnarar som det blir spennande å følge opp.  

Og det er nettopp dette som er grunntanken bak inkubatorsamlinga: å skape ein fagleg og sosial møteplass for medlemsbedriftene våre der dei kan ta med seg noko vidare. Noko som gir dei ekstra giv og motivasjon til å fortsette å jobbe fram sin idé eller sitt prosjekt.

Med eit innhaldsrikt program var her mykje å ta med seg. Vi hadde mellom anna ein workshop i sals- og marknadsføringsstrategi med Joachim Vie frå Kunnskapsparken Sogn og Fjordane. Næringssjefen i Gloppen, Knut-Roger Nesdal, heldt eit engasjerande foredrag om å lukkast (og mislukkast), og bedriftene fekk også ei innføring i finansieringsmoglegheiter gjennom Sogn og Fjordane Fondet og Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane (Sparebanken Vest-fondet). Stein-Asle Øvrebotten, prosjektleiar for Vestnes Land, delte sine erfaringar med IFU-kontrakt gjennom Innovasjon Norge, og Erling Grøstad, dagleg leiar i SGN Skis, fortalde om deira suksess med crowdfunding.

Med eit allsidig program som gjekk over to dagar hadde vi også tid til å besøke lokale bedrifter. Den første dagen var vi innom Gardsbrenneriet der vi fekk smake på storsatsinga deira Attåt, og den andre dagen besøkte vi Strukturplast og Bano. Dagleg leiar av Strukturplast, Frode Lindvik, gav oss eit innblikk i deira utvikling og viste oss rundt på fabrikken. Bedrifta er kjent for å vere leiande på produksjon av Polyuretan i Norge og det var inspirerande å sjå og høyre korleis dei har bygd seg opp til å bli ein stor og viktig aktør innan sitt felt.

Under samlinga hadde vi også middag til støls utan eit fast program. For vel så viktig som det faglege er den uformelle praten nyskaparane imellom. Mange av bedriftene våre er ulike, frå dei som driv business av reindyrka panneband av norsk ull til dei som rir den digitale bølga med smarte skap. Det vi har til felles er at vi vil vere med å skape noko nytt og eige, og vi håper at mange fekk litt ekstra drivkraft til å fortsette ferda etter ei vel blåst samling.    

Vi ser fram til fleire slike treff.

 

Har du lyst å bli med i inkubator i Sogn og Fjordane? 

Har du ein idé eller eit prosjekt som kan passe i inkubatoren vår? Ta kontakt med inkubatorleiar Vanja Viken frå Aksello på vanja@aksello.no / 415 70 306 eller inkubatorleiar Roger Ulvestad frå Kunnskapsparken på roger@kpsf.no / 938 17 336. 

 

 

Aksello og Kunnskapsparken: F.v. rådgjevar Heidi Felle (Aksello), forretningsutviklar Geir Opseth (KPSF), inkubatorleiar Vanja Viken (Aksello), inkubatorleiar Roger Ulvestad (KPSF), trainee Trine Vedershus (Aksello) og forretningsutviklar Hilde Grinde (KPSF).

 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet