Oppmøte på Årets Sommartreff var svært godt. Nær 30 lokale bedrifter deltok med stand på Haavebua som myldra av besøkande som ville vite meir om framtidsutsiktene til jobbmarknaden i Flora kommune.
Aksello kom i prat med mange av deltakarane som var på jobbjakt. Ein av dei var Malin Sørbø som er ferdig utdanna med fagbrev i kjemiprosess som ho har tatt hos Statoil på Mongstad.
– Eg er no på jakt etter jobb i industrien, gjerne prosessovervaking eller liknande. Det er bra trykk i arbeidsmarknaden for tida, så eit slikt treff er veldig spennande for å sjå kva moglegheiter som finnast, fortalde Sørbø.
I tillegg til å få ei betre oversikt over jobbmarknaden var ho også ein av dei heldige som stakk av med festivalpass til Våt Moro. Alle deltakarane var med i trekninga av to festivalpass, og den andre vinnaren var Espen Angelshaug.
Angelshaug vart intervjua av lokalavisa Firdaposten, og de kan lese dekninga deira av Årets Sommartreff her.
Maritim Forening Sogn og Fjordane, representert av Beate Solheim Grønnevik og Maria Brandsøy, var blant dei lokale bedriftene som stilte med stand. Dei hadde med seg fleire ledige stillingar som medlemsverksemdene deira har lyst ut.
– Vi har treft fleire kandidatar som kan passe inn i dei ulike stillingane, og det er kjekt å sjå at næringslivet i Flora står saman for å ønske arbeidssøkarar velkommen, sa Grønnevik.
Aksello vil takke alle som deltok for ei kjempesamling og satsar på å gjenta suksessen. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå fleire bedrifter, frå ulike bransjer, som fortel oss at dei har møtt dyktige kandidatar som det er aktuelt å tilsette i nær framtid. Vi ser fram til forsetjinga!