Førre veke samla engasjerte deltakarar seg i Florø for andre samling av Handelshøgskulen BI sitt styrekurs i regi av Vekst i lag. Kurset er eit viktig bidrag til auka styrekompetanse i det regionale næringslivet og har som mål å styrke næringsutviklinga i gamle Sogn og Fjordane.
Under samlinga fekk deltakarane ei grundig gjennomgang av styrets rolle, selskapslovgiving og strategisk styring. Deltakarane vart introduserte for viktige problemstillingar knytt til styrearbeid, og fekk høve til å diskutere praktiske caser frå deira arbeidskvardag med erfarne føredragshaldarar.
Nye krav om kjønnsbalanse i styra er vedtekne, og fram mot 2028 skal det rekrutterast 13 000 nye styremedlemmer, dei fleste av desse kvinner. Nettverket Vekst i lag som Aksello er ein del av, har som mål å auke styrekompetansen i regionen og sikre kjønnsbalansen i næringslivet i gamle Sogn og Fjordane. Kurset er eit viktig steg for å bidra til denne utviklinga og sikre at regionen har kvalifiserte kandidatar for framtida.
Aksello er stolte av å vere med på dette og vi ser fram til å følgje deltakarane på deira veg mot fleire styreverv.