På onsdag og torsdag denne veka arrangerte Aksello inkubatorsamling med mellom anna pitchetrening. Steinar Hoel Korsmo, ein av verdas beste pitchetrenere, var på plass og hjelpte bedriftene i inkubatoren på vegen mot det perfekte innsalet til investorar.
Eigarane av Aksello vart også invitert til å vera med på arrangementet, og Erlend Toftesund frå Fjord Base Gruppen seier dette om samlinga:
«Dette er fantastisk nyttig! Som eigar i Aksello er det av stor verdi for oss å få delta på møte og samlingar som Aksello organiserer. Pitchetrening er noko me kan dra konkret nytte av i kvardagen vår, spesielt når ein tenkjer på å leggja bedriftsplanar og å henta finansiering til nye prosjekt og knoppskytingar.»
Erlend legg også til:
«Eit slikt opplegg er svært relevant for alle leiarar i næringslivet her i Kinn kommune.»