Skip to content Skip to footer

Aksello på plass på Karrieredagen 2025

Torsdag 23. januar var det klart for Karrieredagen på Flora vidaregåande skule. Aksello stod på stand og heldt presentasjon for Vg3-elevar. Vi fortalde om selskapet, kva vi driv med og korleis vi kan hjelpa unge personar som har eller kanskje får ein god forretningside i framtida og som ønskjer å starta bedrift.

Aksello synest at det er veldig givande å høyra om alle dei gode ideane som finst blant dei unge, samtidig som vi får synleggjort at vi er der for dei som treng det.

“Dette er ein viktig arena, både studentar og næringslivet, for å informera og knytte framtidige band. Eg opplevde at elevane var engasjerte, og at dei er opptekne av framtida. Det kan vera vanskeleg å navigera seg i dagens utdanningsbilete, og då er det veldig greitt at dei unge kan høyra direkte frå bedriftene kva dei treng no og kva behov dei kjem til å ha i framtida.” seier Sujanth Puthi, forretningsuviklar i Aksello.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet