I førre veke deltok Aksello på ei inspirerande samling saman med innovasjonsnettverket – som består av seks næringshagar, seks inkubatorar, Innovasjon Norge Vestland og Vestland fylkeskommune.
Samlinga gav oss høve til å bli betre kjende, dele erfaringar og delta på spennande workshops. Hovudtema var kapitalstrategi for oppstartselskap, med innsiktsfulle innlegg frå Innovasjon Norge v/Stephanie Chen Schmidt og Unlisted v/Fredrik Harestad.
Vertskapet, Industriutvikling Vest og Klar Bedrift, gav oss òg eit innblikk i prosjekt som Greenspot Mongstad og Reiselivsprosjekt Solund. Vi fekk møte innovative gründerselskap som Osprey Inspection og Enviratec, og besøkte fleire spennande bedrifter:
- Equinor sitt raffineri på Mongstad
- Hillesvåg Ullvarefabrikk, som no eksporterer norsk kvalitetsgarn til Europa og USA
- Wergeland Gruppen i Sløvåg, som satsar stort på utvikling av nye industriområde
Samlinga vart avslutta i vakre Skjerjehamn, der vi fekk høyre om korleis staden er transformert frå fråflytta handelsstad til ein livleg reiselivsdestinasjon med fokus på havbruk, kunst, kultur, mat og overnatting.
Tusen takk til vertane og alle deltakarane for ei lærerik og inspirerande samling.