Aksello var til stades på denne vekas folkemøtet om framtidas areal- og naturressursbruk i Florø.
Nokre av bedriftene som held til i regionen presenterte planane sine for framtida. Kommunen forklarte korleis arealarbeidet har vorte utført og kvar ein kan finna meir informasjon om dette. På møtet var det også ein presentasjon som var kritisk til planane. Det er viktig at alle blir høyrde i slike saker. Aksello takker kommunen for eit godt opplegg som la til rette for at alle som ønskte kunne stilla spørsmål, noko som er særs viktig i slike prosessar.
Det er ingen tvil om at areal og energi er vår regions største saker for framtida, og ei god løysing vil vera ein nøkkel for utvikling og nytenking i næringslivet.
Link til kommunen sine nettsider for meir informasjon om kommuneplanen sin arealdel: https://kinn.kommune.no/okonomi-og-planlegging/kommuneplan/kommuneplanen-sin-arealdel-2/