På full fart mot målet om å løyse fleire av dei store utfordringane i helsesektoren
Retrams, eit innovasjonsselskap med base i Florø, er på veg til å revolusjonere helsesektoren. Selskapet, som vart etablert i 2018 og reorganisert i 2020, har vore i tett samarbeid med helsevesenet, og er allereie godt i gang med å løyse nokre av dei store utfordringane i helsesektoren – spesielt innan drift og effektivisering av sterilsentralane på sjukehus.
Dagleg leiar og grunnleggjar Stein-Asle Øvrebotn leiar selskapet som har brukt Aksello-inkubatoren fleire gonger for å akselerere utviklinga av sine innovative løysingar. Aksello, som er programoperatør for Sivas inkubatorprogram, har vore ein viktig støttespelar for Retrams på vegen frå idé til marked.
“Programmet og rådgivinga frå Aksello har vore avgjerande for kvar vi er i dag. Det har gitt oss tilgang til viktig kompetanse, ressursar og eit verdifullt samarbeid med andre gründerar og etablerte bedrifter. Støtta frå Siva-programmet har også vore til stor hjelp i utviklinga av løysingane våre,” seier Stein-Asle Øvrebotn.
Effektivisering gjennom robotikk og AI
Retrams er kjent for si innovative tilnærming til utfordringane som sjukehus møter, spesielt når det gjeld sterilsentralar. Desse einingane slit blant anna med mangel på arbeidskraft, logistikkproblem og bortkomne instrument, noko som skaper store utfordringar både for sjukehusa og for pasientsikkerheita.
Selskapet sitt fyrste store innovasjonsprosjekt, som har vore ein del av inkubatorprogrammet til Aksello frå starten og til det vart marknadsklart, resulterte i utviklinga av Retrams Mobile Reuse Scanner. Dette er ein skannerløysing som brukar kunstig intelligens (AI) til å identifisere kirurgiske instrument basert på deira unike “DNA”. Denne teknologien gjer det mogleg å spore instrumenta unikt utan behov for fysisk merking, noko som ikkje berre betrar sporbarheita, men også fjernar risikoen for at kvaliteten på produkta forringa ved eventuell ettermerking. Kostnadene blir også betrakteleg lågare samanlikna med om ein skulle kjøpe inn ein «ferdig-merka» instrumentpark. Skannaren er den fyrste av sitt slag på markedet og tilbyr ei berekraftig og kostnadseffektiv løysing.
“Vi er veldig stolte av å vere den einaste aktøren med ei automatisert og berekraftig løysing for sporbarheit av kirurgiske instrument,” seier Øvrebotn. “Det gir både helsevesenet og sjukehusa betydelige innsparingane, samstundes som det sikrar pasientsikkerheita på ein heilt ny måte.”
Vegen vidare – robotisert handsaming av kirurgiske instrument
Selskapet er allereie godt i gang med sitt neste store innovasjonsprosjekt, som handlar om robotisert handsaming av kirurgiske instrument. Dette prosjektet, som også er ein del av Aksello-inkubatoren, har som mål å utvikle ei robotløysing som kan plukke, sortere og pakke instrument – alt for å bistå sterilsentralane med den mangel på arbeidskraft dei slit med, og som dei vil møte endå meir av i framtida.
“Vårt mål er å skape ei strømlinjeforma og prosessindustriorientert løysing for sterilsentralane som kan handsame dei store utfordringane i helsevesenet. Med robotikk og AI ønskjer vi å skape ein arbeidsflyt som gjer at sjukehusa kan handtere fleire prosessar raskt og effektivt, samstundes som dei møter framtidige utfordringar knytt til bemanning,” forklarer Øvrebotn.
Berekraft og innsparing som sentrale mål
Ein viktig drivkraft bak alle løysingane til Retrams er berekraft. Selskapet ser eit stort potensial i å kunne bidra til både økonomiske besparingane og samstundes støtte helsevesenet sine berekraftsmål. Dette er spesielt viktig ettersom strenge regulatoriske krav og krav til berekraftige løysingar stadig aukar i helsesektoren.
Retrams’ løysingar bidreg også til betydelige innsparing for sjukehusa. Med automatiserte løysingar kan ein både redusere kostnader og auke effektiviteten, samstundes som pasientsikkerheita aukar gjennom kontrollert handsaming av medisinsk utstyr.
“Løysingane våre er ikkje berre kostnadseffektive, dei møter også dei stadig strengare krava til berekraft og regulatoriske standardar,” seier Øvrebotn. “Vi ser eit stort potensial, både nasjonalt og internasjonalt, for å bruke teknologiane våre i helsevesenet og andre bransjar som har liknande utfordringar.”
Samarbeid og framtidige moglegheiter
Retrams jobbar tett med fleire store aktørar, både nasjonalt og internasjonalt, for å utvikle løysingane sine. Selskapet har sidan start samarbeidd med store norske sjukehus, akademia og fleire teknologipartnarar for å gjere innovasjonane sine til verkelegheit. Med desse partnerskapa har dei fått tilgang til viktig forsking og utvikling som har vore avgjerande for framdrifta av prosjekta deira.
“Vi har fått moglegheita til å utnytte det beste av både akademia og næringslivet, og det er blant anna takka vere inkubatorprogrammet hos Aksello. Dette har gitt oss ei unik plattform for å utvikle løysingane våre i samarbeid med leiande ekspertar,” seier Øvrebotn.
For Retrams er framtida lys. Med eit sterkt team og innovative løysingar på veg, har selskapet som mål å vere ein leiande aktør i utviklinga av berekraftige og automatiserte løysingar for helsesektoren.