Gründer & Startups
Aksello hjelper deg som er gründer med din forretningside. Om du allereie er i gong med etablering, eller om du berre så vidt har begynt å tenke på ein ide, kan vi hjelpe deg til neste steg.
Kontakt oss for eit uforpliktande møte for råd og rettleiing om forretningsutvikling, og kvar i verkemiddelapparatet du best kan få støtte og hjelp vidare.
Lokaler
Aksello held til i Peak Florø, og kan tilby moderne kontorfasilitetar og møterom. Vi har også eigne tilrettelagte og freshe kontorplassar for gründerar og bedrifter som deltek i inkubatorprogrammet vårt. Velkomen til eit innovativt og aktivt gründermiljø med mykje erfaring og kompetanse.
Rådgjeving
Hos oss får gründerar og bedrifter tilgang til profesjonelle forretningsutviklarar, rådgjevarar og investorar for at du skal få den rette kompetansen og rådgjevinga til din forretningside.
Nettverk
Aksello kan tilby selskapa eit nettverk av gode samarbeidspartnerar og mentorer, kopling mot relevant næringsliv og forskings- og utviklingsmiljø, samt investormiljø. Du får og delta i eit sosialt og fagleg fagleg gründer- og utviklingsmiljø.
Finansiering
Aksello bidreg med rådgjeving knytt til finansiering og kapitalinnhenting. Gjennom deltaking i våre prosjekt eller program får ein tilgang til tenester som er delfinansiert. Gjennom vår rådgjeving hjelper vi deg til å finne rett finansiering til din fase av forretningsutviklinga. VI har eit breidtt nettverk innan verkemiddelapparatet, bankar, finansieringsinstitusjonar, investorar og kapitalmiljø.
Inkubator
I inkubatoren får gründerar og etablerte bedrifter i regionen tilgang til eit sosialt og fagleg miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus. Målgruppa til inkubatoren er nyskapande gründerar og bedrifter med vekstpotensiale.
Målet er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne i bedriftene.
Kontakt inkubatorleiar Vanja Viken om du vil vite meir om våre tilbod.