Skip to content Skip to footer

Senior forretningsutviklar

Vanja Viken

I 2014 var Aksello så heldig å få med seg Vanja Viken på laget. Ho begynte jobben som inkubatorleiar i mai 2014. Vanja starta si karriere som produktsjef i forskjellige teknologiselskap, og gjekk vidare innan forretningsutvikling i Telenor, deretter  som spesialrådgjevar i Fjordkraft og seniorrådgjevar i BKK. I tillegg har Vanja har og vore gründer der ho har skapt, utvikla og dreve sitt eige selskap som vart hennar arbeidsplass i nærare 3 år.  

Som inkubatorleiar i Aksello har Vanja utvikla og skapt eit velfungerande inkubatorprogram i Aksello og har gjennom den tida sikra rådgjeving og støtte til langt over 100 oppstartselskap. Etter 8 år som inkubatorleiar valte Vanja i 2023 å gå over til stillinga senior forretningsutviklar, då ho ynskjer å nytte endå meir av sin kapasitet direkte til bedriftene.   

Vanja har sin utdanning frå Universitetet i Bergen og ein Master of Business Administration (MBA) frå Bond University i Australia. Parallelt med jobben i Aksello har Vanja tatt  faget inkubasjonledelse på NTNU.  

Kvifor Aksello: 

Eg har eit genuint ønske om å hjelpe nye bedrifter og flinke gründera til å lukkast. Om eg kan bruke min kunnskap til å rettleie dei til at vegen til suksess blir litt kortare, blir eg glad. I tillegg er det gjevande å få vere med der det skjer, dei nyaste løysingane og det å jobbe saman med bedriftene der utvikling er hovudfokus. Gjennom det nasjonale verkemiddelapparatet kjem det heile vegen nye ordningar som vi kan nytte oss av og slik lærer vi og kjem ofte tettare på vore kollegaer andre stadar i Norge som vi kan samarbeide med og bygge gode økosystem i lag med. Nettopp denne fellesskapen og ønske om å skape noko nytt for at utviklinga og omstillinga i næringslivet skal lukkast, det synest eg er motiverande.  

Om

Kort beskriving

Phone: 41 57 03 06
Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet